Hu liker meg, men vil ikkje bli sammen ennå. Eg er lei av å vente.
Gutt, 14
Hei, eg liker ein jente veldig godt og eg har vert sammen med henne en gang før og hun vett at eg liker henne og når eg spør om vi kan bli sammen igjen sier hun enten at vi må vente for det er så mye så skjer med hun eller at vi må holde på først og nå har vi «holdt på» i 2 månder og eg har spurt henne om hun egentlig ikkje vil og ikkje tør å si det og då svarer hun at vi må vente litt. Men eg lurer på hva eg skal gjøre nå for eg vil ikkje mase på henne og eg vett ikkje hvordan eg kan ta dette videre og bli sammen med henne for hun har sakt at hu liker meg men hun må vere sikker på at eg er den rett for hu. Men hva skal eg gjøre for eg er lei av og vente?
Svar
Hei!
Takk for at du skriv til oss! Eg skjønner at du er lei av å vente.
Kanskje denne jenta rett og slett ikkje er 100% sikker på kva ho følar, eller på om ho har lyst til å gå inn i eit forhold eller ikkje?
Heilt sikker på om nokon er rett for ein eller ikkje, kan man kanskje aldri vere når man går inn i eit forhold. Det er ofte litt usikkerheit med i bildet. Men det å bli saman er jo heldigvis ikkje det same som å sverge kvarandre evig troskap: Ein seier at ein har lyst til å vere kjærasten til den andre, og da er det jo lurt å vere ganske sikker på at det er det ein vil - Men ein må ikkje vere sikker på at ein er det rett for kvarandre for alltid. Kanskje det er eit poeng du kan presentere for ho?
Alle kjærastpar er forskjellige, og så lenge dokker begge veit kor dokker har kvarandre før dokker blir saman, er det ikkje noko i veien for å bli kjærastar - Sjølv om ho er litt usikker.
Men det må jo sjølvsagd kun vere om det er det ho faktisk vil. Sjølv om du forteljer ho alt dette, er det ikkje sikkert det endrar meininga hennar.
Sånn som eg ser det, har du i alle fall to valg no.
Du kan velje å vente på ho, sjølv om det er vanskeleg. I så fall gjeld det å ikkje presse ho for mye, men la ho ta steget vidare sjølv.
Eller, om du kjenner at dette blir for tungt, kan du seie til ho at du synest det er vanskeleg når dokker har ein "mellomting" i stedet for å enten vere kjærastar, eller kun vere vener. Du kan fortelje ho at du heller synest dokker bare skal vere vener, om ho ikkje er klar for å bestemme seg.
Vil ho da berre vere vener, kan det vere tungt. Men hugs da at sjølv om det gjer vondt ei stund, så vil du klare å kome deg over ho<3
Dette er ikkje ein lett situasjon, men eg håpar det ordnar seg, på ein eller annan måte!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 23.9.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål