Eg liker han, men han held på med nokon andre. Kva gjer eg?
Jente, 14
Hei eg liker ein gutt han er 2 år eldre og bur på institusjon så eg har aldri møt han fordi vi begynte og snakke får 4 uker siden, han var heime forgje uke med då passet det ikkje for noen av oss og vere i lag. Eg hadde veldig lyst til og bli sammen med han sjølv om eg aldri har møtt han. Han blir sendt heim fra institujonen over nytt år og vi har snakket om at eg skal komme til han når han kommer heim men i går sendte han meg melding om at vi ikkje junne snakke i lag lenger fordi han holdt på men noen andre. Eg begynte og grine siden eg har lyst til og bli sammen med han men no er det null sjanse siden han holer på med noen. Vi har og skreve god morning meldinger med rødt hjerte emogi til hverandre i ein uke så det var veldig uvanta at han skulle holde på med noen sånn veit eg ikkje heilt ka eg skal gjere fordi han vil fortsatt møte meg og eg vil møte han. Ka meiner dere eg skal gjere
Svar
Hei!
Takk for spørsmålet ditt!
Eg forstår veldig godt at du blir usikker på kva du kan gjere no.
Du fortel at han både har sagt at dokker ikkje kan prate meir, og at han framleis ønskjer å treffe deg. Om han vil møte deg for venskapet sin del, og du kun er interessert i å treffe han om det er meint som en date, kan du seie det til han.
Eg tenkjer at kva du vel å gjøre no, også handler om kva du er villig til å gje og utsette deg sjølv for. Han har sagt at han held på med nokon andre, så om du treff han eller om han vil ha kontakt med deg igjen, så er det ein risiko for at du blir skuffa endå ein gong. Om det er ein risiko du er villig til å ta, kan du gje det ein sjanse. Om det ikkje er det, er det kanskje betre å la vere.
Om det ikkje blir noko mellom dokker, så kjem du til å kome deg over det. Det er vondt no, også kjem det til å bli betre<3
Ønskjer deg alt godt!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 10.12.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål