Spørsmål og svar

Kva liker gutter av sex og korleis skal eg få han stiv?

Jente, 16

Hei! Eg har holt på no med ein gutt i ca 4mnd. Ting begynner å bli meir seriøst og vi har holt på å ha sex fleire ganger. Han har hatt fylla sex noken ganger før uten å ha hatt noken serlig relajon til jenta, mens eg er jomfru. Eg er hans første seriøse situation ship og eg veit at han bryr seg veldig om at eg skal føle meg klar til å ha sex. Problemet e at rett før vi holder på å ha sex blir han slapp. Han har sakt at han aldri har hatt problem med d før, men at d sikkert har vert fordi d da har vert på fylla. 1. E d noke eg kan gjøre for å få han stiv igjen fort. 2. Kordan kan eg gjennetellt få han til å gå crazy over meg (uten at vi må snakke om d) 3. Har dikka noken generelle tips til sex og ka gutta like i senga

Svar

Hei!

1. Den mest vanlege årsaken til at penis ikkje vert stiv når ein skal ha samleier eller andre former for sex er prestasjonsangst. Ein kan kjenne seg usikker på om kroppen ser bra nok ut, om penis er stor nok og om ein gjer ein god nok jobb for den andre. Veit ein ikkje noko om kva den andre ynskjer og forventer av ein, kan det også føre til prestasjonsangst og med det ein slapp penis.

Når ein drikk alkohol, vert ein ikkje så oppteken av prestasjonsangst og det kan bli enklare å få ereksjon.

Det er eigentleg ikkje så mykje du kan gjere for at han skal få ereksjon. Men; klarer de båe å ha mindre fokus på samleie og heller meir fokus på alt det andre ein kan gjere og som kan gi nyting til dykk båe, vil det vere til god hjelp.

2. Du vil han skal go crazy over deg, men du vil ikkje prate om det. Då vert det vanskeleg. Ynskjer ein å gjere noko spesielt for ein annan person, eller at nokon skal gjere noko spesielt med ein sjølv, må ein snakke saman for å finne ut av kva dette kan vere. Ingen kan gjette seg til kva nokon liker og trenger av sex og difor må ein snakke saman sjølv kor pinleg eller vanskeleg det kan vere.

3. Heilt generelt kan ein seie at gutter liker samleier, liker å få munnsex og liker å gi munnsex. Men; det er store skilnader. Det ein gutt liker ein gong, kan opplevast lite spennande ein annan gong. Gutter er like forskjellige som det jenter er når det kjem til sex. Jenter liker ikkje det same og heller ikkje det same kvar gong.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 17.2.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål