Kvifor får vi den ikkje inn?
Jente, 15
E å kjæresten min he prøvd å ha sex flere ganga no men kølla går ikkje inn. Han he gjort d før me andre folk men e he ikkje gjort d. D gjør jwl vondt å vi he prøvd alt. Forplay, slappe av i musklane, e føle me klar mentalt å e vil bere at vi skal få d til
Hei!
Sjølv om det kanskje virker rart er det ganske vanleg å ikkje få til samleier dei første gongane og når ein bytter fast partner. Det betyr at du og kjærasten din ikkje er åleine om å ikkje få det til.
Den mest sannsynlege årsaken til at de opplever dette er at skjeden ikkje er tilstrekkelig fuktig og utvida før de prøver. For at skjeden skal bli klar, må du sjølv eller den du har sex med gi deg dei formene for stimulering som du liker og treng. Dette kan ta fra nokre minutt til ein halvtime. Prøver de for tidleg vil skjeden kjennast trang ut og penis klarer ikkje å kome inn i den.
Her er nokre tips du kan teste ut:
- Kva er det som gjer at du kjenner deg kåt? Kva seksuelle fantasier har du? Kva ynskjer du skal skje når du har sex? Det å bruke fantasiane dine vil gjere det lettare å bli klar for samleier.
- Prøv deg fram med ulike måter å onanere på. Korleis onanerer du deg sjølv til orgasmer? Er dette noko du kan gjere saman med kjærasten din eller kan du lære han korleis du liker det? Visste du at omtrent 70% ikkje kjenner noko spesielt av å få noko inn i skjeden og treng stimulering av klitoris for å få orgasmer?
- Det er fleire stader på kroppen som er ekstra kjenslege for stimulering, til dømes øreflippane, brystvortene og innsidene av låra dine. Å stimulere dei samstundes som du fantaserer og kanskje får klitoris stimulert er godt i seg sjølv og vil gjere det lettare å ta imot ein penis.
Den mest sannsynlege årsaken til at de ikkje får til samleier er altså at skjeden ikkje er klar før de prøver. Men, for nokre kan det vere ei annan forklaring - ein stram skjedekrans. Les meir om det i denne artikkelen. Tenkjer du at din skjedekrans er for trang kan du få den undersøkt på helsestasjon for ungdom der du bur.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 5.6.2026
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål