Kva skal til for å få orgasmer saman?
Jente, 15
hei! meg og kjæresten min har hatt sex èin del ganga. og han kommer kver gang, men eg har aldri komt. han har spurt meg flere ganga om eg har komt, og da har eg bare sagt ja. kossen kan eg si til han at eg eigentleg bare har lyge til han. og kva må evt meg og han gjere under samleie for at vi begge skal komme? under samleie har vi aldri vert borti klitoris eller nokre sånt. men har lest at den må bli stimulert for at jenta skal komme. kossen kan eg eller han gjere det under samleie
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.
Det er ikkje så uvanlig at ein ikkje får orgasmer når ein har samleier med kjærasten. Som oftast handler dette om at ein sjølv og/eller kjærasten ikkje veit kva som skal til for å få orgasmer. Ein god start er difor å først finne ut av kva det er som gjer ein kåt og kva som skal til for å få orgasmer. Her kjem det nokre tips:
- Kva er det som gjer deg kåt? Er det personer du kjenner eller veit kven det er? Er det ting du har lyst til å gjere med deg sjølv, med ein annan eller noko du vil ein annan skal gjere med deg? Det å finne ut av sine eigne fantasier vil gjere det lettare å verte kåt og å finne ut av kva stimuleringer ein treng.
- Det er fleire stader på kroppen som er ekstra kjenslege for stimulering, til dømes øreflippene, brystvortene og innsidene av låra. Kanskje du kan finne "dine" områder?
- Bruk tid på å bli kjent med kjønnet ditt, korleis det ser ut og kva som skal til av ulike former for stimuleringer for å gje deg sjølv orgasmer.
For at jenter skal få orgasmer må den delen av klitoris som er synleg og tilgjengeleg på utsida av kroppen stimulerast. Visste du at omtrent 70% av alle jenter trenger å stimulere klitoris for å få orgasmer?
Når du har funne ut av dette, er det fint å snakke med kjærasten din slik at de kan finne ut av forventningane de har til kvarandre når det kjem til sex. Ein måte å ta opp korleis de har sex saman er å spørje han om han er nøgd og om han kan tenkje seg å gjere noko ansleis. Då bør han spørje deg attende. Gjer han ikkje det, kan du sei kva det er du liker.
Prøv deg/dykk fram. For å få til sex på ein god måte er det nødvendig å øve for å få det til.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 20.5.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
