Spørsmål og svar

Kva skal eg gjere for å kome når eg har sex?

Gutt, 18

Eg har problem med å komme under sex. Eg har fått meg dame for ett år siden og er fortsatt i lag med henne og eg sliter med å komme. Når eg var mindre so vart eg omskjert på grunn av at eg hadde for liten forhud. Eg har alltid hatt problem med det eg har komt en gang før men aldri etter det eg er veldig komfortabel i forholdet. KVA bør eg gjere på dette åre i forholdet har eg ikkje komt

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.

Det å ikkje få til å kome når ein har samleier er eit ganske vanleg problem for gutter og menn. Her kjem det nokre tips:

  • Onaniteknikken ein bruker kan gjere det vanskeleg å få orgasmer saman med ein partner. Er teknikken hard eller litt voldsom, kan stimuleringa eit samleie gir ikkje vere nok. Her er nokre forslag til korleis ein kan variere i måten ein onanerer på:
    • Bruker du høgre hand når du onanerer, bytt til høgre – eller omvendt.
    • Varier mellom å bruke heile handflata eller bruk ein eller to fingre til å stimulere penishovudet.
    • Prøv å variere kor mykje trykk og kraft du bruker.
    • Kjenn etter korleis det kjennes å bruke rikeleg med glidemiddel, eller ingenting.
    • Den mest kjenslege delen av penis er penishovudet og spesielt på undersida av hovudet, på strengen ved urinrørsopningen.
  • Tenk over kva det er som gjer deg kåt og kva seksuelle fantasier du har. Å bli klar over fantasiane sine og bruke dei medan ein har sex vil både det lettare å vite kva ein skal gjere i tillegg til at dei kan vere det ein treng for å få orgasmer.
  • Veit du eigentleg kva det er du liker og vil gjere av sex? Og er det dei formene for sex du har saman med kjærasten din? Snakk med kjærasten din og fortel kvarandre kva de ynskjer og forventer av det å ha sex og kva som skal skje.

Virker ikkje noko av dette, kan det vere fint å snakke med nokon. Helsestasjon for ungdom i kommunen er ein fin stad å prate. Det er og fint å chatte anonymt med fagpersoner på ungdomsklinikken Sex og samfunn.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 27.5.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål