Spørsmål og svar

Kva kan eg gjere for å få orgasmer når eg har sex?

Gutt, 16

Eg har fått meg dame og vi har begynnt å ha sex. Det er godt og sant og vi er veldig trygge på kvarandre og eg føler ikkje på noko press. Men slik eg har lært det er det ofte vanskelegast å få jenta til å få orgasme og guttane er det for lett. Med oss er det motsatt. Ho klarar å komme og sann, mens eg ikkje klarar det. Eg har søkt opp på nett og der seier de at problemet kan vere pornoavhengig, prestasjonspress eller at eg har lært meg ein spessiel måte å komme på. Eg ser ikkje på porno, ikkje føler eg noko press, men det eg har gjort er det siste. Men eg skjønna ikkje korleis eg kan endre det. Dette blir veldig privat og kanskje for detaliert, men håpe det kan hjelpe på svaret. Eg har lært meg å onanere ved å stramme alle musklar eg kan og bli heilt rett i kroppen og i eit tempo som går veldig kjapt. Eg skjønna berre ikkje korleis eg skal venne meg av det, fordi eg klarer faktisk ikkje å få orgasme viss eg gjer det på ein annan måte. På førehand takk. Håpe det ikkje vart for detaliert

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.

Spørsmålet ditt er ikkje for detaljert, du forklarer på ein fin måte kva du synes er vanskeleg og kva du har tenkt om eventuelle forslag til løysing.

Løysinga er mest sannsynleg den du sjølv har kome fram til. Måten ein onanerer på åleine kan gjere det vanskeleg å få til orgasmer saman med nokon. I spørsmålet skriv du at du spenner alle musklane du kan og at du blir heilt rett i kroppen. Dette er omtrent umogleg å få til saman med ein partner.

Det kan vere vanskeleg å finne andre måter å onanere på, men det er mogleg. Ver tolmodig og prøv deg fram. Her er nokre forslag:

  • Legg deg på senga, bruk fantasien din og kjenn at du vert kåt
  • Prøv deg fram og kjenn etter om du har stader på kroppen som er ekstra følsomme for stimulering, for eksempel brystvorter, øyreflipper eller innsidene av låra. Å ta på desse eller andre stader samstundes som ein tek på penis kan gjere det lettare å få orgasmer.
  • Undersøk kvar på penis det kjennes godt ut å bli tatt på og prøv deg fram med ulikt trykk.
  • Det kan kjennast godt ut å bruke rikeleg med glidemiddel eller ingenting.
  • Prøv å onanere ved å bruke peikefinger og tommel.

Her kan du få fleire tips til korleis onanere.

Etter kvart som du får prøvd ut ulike måter å onanere på, vil du finne fleire måter å gjere det på som gir deg gode opplevinger.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 25.11.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål