Korleis kan eg kome seinare eller han fortare?
Gutt, 15
Kommer før han gjør!!! Hei eg er homofil og har en kjæreste som er ett år eldre. Vi er seksuell aktiv og eg er bottom. Eg kommer alltid før han og klarar ikkje holde på Meir etter eg kjem. Han likar ikkje å bli sugd eller runket så det er et problem får han sin del. Eg får veldig dårleg samvittighet over detta og føler meg grådig når eg spør om sex. Eg trenger hjelp for å vite kordan eg kan komme seinare eller han fortare! Plis hjelp meg takk!
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss på ung.no når det er noko du lurer på.
Slik du skildrer utfordringane du har med å ha sex med kjærasten din, kan det virke som om det er han som har den største utfordringa. Han liker å vere top, men liker ikkje å bli sugd eller runka. Det betyr at det ikkje er så mykje du kan gjere for han anna enn å vere bottom.
Det er ikkje uvanleg at ein kan ha vansker med å kome når ein har sex/samleier med nokon. Som regel handler dette om ein av to ting:
- Prestasjonsangst: ein spenner seg, blir stressa og får ikkje til å nyte det som skjer. Får ein til dømes ikkje orgasmer, kan ein spenne seg ekstra mykje slik at det blir vanskeleg å få det til.
- Nokre kan ha lært seg ein måte å runke på som gir ei stimulering som vanskeleg let seg gjenskape av til dømes eit samleie. Ein får ikkje nok stimulering og difor vert det vanskeleg å få orgasmer.
Løysinga på dette er å snakke saman og få ned stressnivået, for dykk båe. Han kan utforske ulike måter å runke på, slik at han kan kjenne igjen stimuleringa eit samleie gir. Det kan og vere fint for han å utfordre seg til å teste ut om han kan like å verte sugd eller runka.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 5.1.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål