Spørsmål og svar

Kvifor liker eg å bruke bleier?

Gutt, 17

Hei, eg veit ikkje korleis eg skal starte denne meldingen, men håper at det eg skriver gir meining uansett. sidan eg har vore liten har eg likt å bruke bleie, ein av grunnane er jo at eg følte komfort og trygghet fra dei, den andre er at eg innimellom blir tent seksuelt av å bruke ein. eit par år sidan tvingte eg meg sjølv til å stoppe å bruke bleier sidan eg var så flau over at eg likte det. eg angrer på det no, eg savner tryggheten eg fekk av å bruke bleia. eg savner å vere liten og bli tatt vare på. eg hadde ein vanskelig barndom som gjorde at eg måtte bli voksen for tidligt. bleiene har hjelpt meg med det, eg skulle ønske at det var ein måte eg kunne få tilbake desse følelsane. eg vil bruke bleie for å føle meg trygg igjen. er dette ein del av å vokse opp? ønsker gjerne nokon tips. bruker fortsatt bleie innimellom

Svar

Hei!

Så fint du vel å skrive til oss på ung.no

Det kan vere fleire årsaker til at ein liker å bruke bleier som vaksen og i spørsmålet ditt er du innom to vanlege og kjende årsaker.

Folk kan like å bruke bleier som ein del av det å ha sex anten åleine eller saman med andre. Nokon kan like kjensla det gir mot huda å gå med bleier og nokon kan like og bli kåt av å kjenne bleia verte fylt opp med urin og/eller avføring. For nokon handler den seksuelle tenninga om samspelet med ein partner, at partneren skifter bleien og steller ein. Å bruke bleier kan for nokon bli ein seksuell fetisj, for andre ikkje.

Bruk av bleier kan og handle om å kunne kjenne seg liten, at nokon må ta vare på ein, stelle ein og passe på at det går bra med ein.

Uansett kva årsaken er til at ein liker å gå med bleier er det heilt i orden å gjere det. Så lenge dette er noko som du liker og som du kjenner gjer at du får det bra, er det heilt i orden.

Det eg likevel vil tilrå deg til å gjere, er å få snakka med nokon om korleis det var for deg å vakse opp og det at du tidleg måtte verte vaksen. Har ein hatt ein vanskeleg oppvekst, er det både lurt og fint å få snakka gjennom den slik at ein kan få bearbeidd det som har skjedd og verte betre kjent med seg sjølv og korleis ein reagerer i ulike situasjoner. Ein fin stad å starte for å få hjelp er helsestasjon for ungdom i kommunen din. Synes du det vert litt vanskeleg, kan du og prøve ut Alarmtelefonen.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS

Besvart: 12.7.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål