Korleis skal eg slutte å sjå porno og runke?
Gutt, 18
Hei eg går 2 år vgs, MDD. I timane ser vi no på ulike dansekurs vi kan bruke i framsyningane våres. Men eg har eit problem, eg er litt avhengig av porno. Eg prøver å sjå på det kvar dag, og natt og ta meg ein runk, men det hjelper ikkje. Neten heile tida tenkjer eg på porn! Eg sitter heldigvis bakerst i klasserommet så ingen ser meg. Men iblant får eg slik intens overtenning og tar litt på buksa mi. Ein gang tok eg meg litt under buksa og, og blei nesten ferska! Eg føler på skam og flauheit av å drive på sånn i nærveret av andre. Eg klarar ikkje å stoppe! Plis gi meg nokon tips på korleis eg kan slutte å være avhengig og tenke på noko anna. Dette gpr utover karakterane mine også! Og eg er litt redd for korleis eg skal kunne få den jobben eg ønskjer. Mvh, X.
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.
Du fortel at du er 18 år og kjenner deg avhengig av porno. Kanskje det kan vere ok for deg å vite at det å være 18 år for dei fleste betyr å kjenne seg kåt stort sett heile tida? Og at det kan gjere at ein blir så seksuelt frustrert at ein kjenner på behov for å sjå porno og runke stort sett alltid?
Sjølv om ikkje vener og dei andre i klassen snakker om det, så opplever dei det på meir eller mindre same måten som deg. Skilnaden er korleis ein takler å vere kåt.
Det kan vere vanskeleg å endre korleis ein takler det å kjenne seg ofte og mykje kåt. Sjå om det er eit mønster når du ser porno og runker. Kan du finne noko anna å gjere istadenfor? Klarer ein å finne noko å gjere som kan ta bort noko av merksemda rundt det å kjenne på trong til å sjå porno, kan det gjere at ein ikkje bruker så mykje tid på det.
Ein annan god start kan vere å setje seg realistiske mål som å ikkje sjå porno medan ein er i klasserommet og heller vente til pausen. Det kan og vere eit bra mål å ikkje ta på seg sjølv medan ein er i klasserommet. Vert ein ferska i det, kan det skape problemer som både kan vere pinlege og vanskelege.
Du kan oppleve det slitsomt og frustrerande no, men etter kvart som du vert eldre og kjem deg meir gjennom puberteten, vert det enklare å takle det å vere kåt. Då vert det heller ikkje like spanande å runke og sjå porno.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 14.2.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål