Spørsmål og svar

Gjer eg noko ulovleg når eg ser på porno?

Jente, 13

Hei. Eg blir 13 om tre månar, og eg har begynt å sjå litt på porno. Når eg gjer det brukar eg og å fingre meg sjølv. Eg veit at det er 15 åra aldersgrense på det, men ej føler meg klar for å sjå det. Gjer eg noko ulovleg når eg ser på porno?

Svar

Hei.

Det er ikkje lovfesta aldersgrense for å sjå på porno. Du gjer derfor ikkje noko ulovleg når du ser på porno. Det som derimot er ulovleg, er å sjå på ulovleg porno som til dømes barneporno.

Det er viktig at du kjenner etter at du faktisk er klar for å sjå porno, og at du er klar over at porno er fantasi og skodespel. Noko av pornoen på nettet er også ganske kraftig, og har lite eller ingen ting til felles med eit vanleg sexliv. Dette er det viktig at du veit dersom du vel å sjå på porno.

Ser du veldig mykje på porno du bli påverka av det, slik at utviklinga di kan ta ein annan veg, enn han ville gjort utan porno. Det er lurt å berre bruka porno av og til. Det er deg sjølv og kroppen din du skal vera nysgjerrig på og utforska.

Tilrådinga er å onanera for det meste utan porno. Du skal ikkje vera avhengig av porno for å få lyst på sex, og det kan skje om du ser mykje på porno.

Les gjerne artiklane under.

Vennlig hilsen Helsesykepleier

Besvart: 4.4.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål