Kan porno gi hjerneskade?
Gutt, 17
Eg var porno avhengig i nesten 4 år… fra 8. klasse til vg2. Eg er no ferdig med dette og det har gått nesten 10 måneder sidan eg var ferdig. Kan porno gi hjerneskade? Og kan det gi plager i etterkant? Eg har komt meg godt ut av det, men lurer på kVA påvirkning det eg såg på kunne ha hatt på hjerna. Kjem det til å gå bra med meg?
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.
Det er veldig imponerande at du har klart å slutte å bruke porno! Spesielt imponerande er det at du fekk til å slutte medan du var midt inne i puberteten. Dei aller fleste opplever puberteten som ein krevande periode der ein kan kjenne seg kåt stort sett heile tida og kjenne på eit stort behov for å onanere, og bruke porno.
Porno fører ikkje til hjerneskade sjølv om ein er, eller har vore, avhengig. Det som kan skje, er at ein kan få eit feile tanker om korleis folk og kropper skal sjå ut og korleis sex skal skje. Klarer ein ikkje å forstå at porno er fantasi og ikkje slik folk flest ser ut og korleis sex faktisk skjer, kan det verte vanskeleg å ha sex med nokon i det verkelege livet.
Forstår ein at folka og det som skjer i pornoen ikkje er verkeleg, vil det for dei aller fleste kunne gå heilt fint når ein sjølv skal byrje å ha sex med nokon.
Uansett kva ein har tenkt om porno, kan det vere fint å snakke med nokon om det. Kjenner ein seg usikker på noko har skjedd eller endra seg, kan helsesjukepleier på helsestasjon for ungdom vere fin å snakke med. Det går og an å chatte anonymt med fagpersoner på ungdomsklinikken Sex og samfunn.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 21.9.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
