Spørsmål og svar

Kvifor vert eg ikkje så kåt lengre?

Gutt, 20

Hei! Sidan august har eg kjent at eg ikkje har vert så kåt lenger. Eg har lenge sett på porno og det har alltid gjort meg kåt, men ikkje no lenger. Eg får ikkje lenger ereksjon like ofte som før og når eg fyrst får det så tar det ikkje lang tid før den avtar. Når eg har sex med jenter så blir det litt bedre, men det skjer fortsatt at den avtar og så tar det litt tid før den kjem tilbake. Dette synest eg er litt skummelt fordi eg veit kor hard og kåt eg kan bli og eg veit kva som tenner meg. Eg skjønner ikkje kvifor dette skjer. Eg har hørt at stress kan påverke ereksjonen og kor kåt ein er. I august starta eg å studera og eg synst det var litt stressande og skummelt, men eg vil ikkje sei eg stressar unormalt masse, hvertfall ikkje no som eg har komt inn i studentlivet så eg vil ikkje tru det er grunnen. Kva kan vere grunn til dette? Skjønner at dette er eit vanskeleg spørsmål, men takk likevel :)

Svar

Hei!

Det er ikkje uvanleg at lysten på sex endrer seg gjennom livet. Sjølv om det er slik, kan ein bli stressa og uroleg når det skjer. Ein kan bli spesielt uroleg om det skjer rett etter puberteten. I puberteten vert ein van med at ereksjonane kjem akkurat når ein ynskjer det og at ein kan kjenne på lyst stort sett alltid.

Dei aller fleste kan oppleve at ereksjonen ikkje er heilt slik ein skulle ynskje. Når ein opplever dette dei første gongene tenkjer ein ikkje så mykje på det. Gjentek det seg, kan ein etterkvart verte uroleg for om det er slik det skal bli framover. Etter å ha opplevd ereksjonssvikt nokre gonger kan det etablere seg eit mønster der ein forventer det skal skje, og så skjer det.

Stress er ei vanleg årsak til at lysta på sex endrer seg og det å bli student er for mange ei stressande oppleving. Det kan og vere andre ting som gjer at ein kjenner på stress, uro og bekymring som ein ikkje har oversikt over. Då vert det vanskeleg å finne ut av kva årsaken kan være.

Problemet ditt er altså ganske vanleg, men det er vanskeleg å kome med ei sikker forklaring her på ung.no sidan vi ikkje får snakka saman. Eg vil difor tilrå deg å snakke med nokon. Helsestasjon for ungdom er ein bra stad å få hjelp. Nokre studiestader har helsetilbod. Har din studiestad det, kan det vere fint å sjekke det ut.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS

Besvart: 26.1.2024

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål