Spørsmål og svar

Eg er så ukomfortabel med kjønnsorganet mitt, kva gjer eg?

Jente, 15

Hei ung.no, Eg er litt engstelig for Kva Eg skal gjera, Eg er ei Trans jente, å Eg er nylig blitt saman med ei Trans gutt, altså Eg for eksempel bytter frå mitt ”biologiske kjønn” altså frå "gutt” til jenta, Eg har ikkje nokon operasjoner eller østrogen da har ikkje kjærasten min heller og me er begge samma alder og. Eg og kjærasten min snakker om å ha sex, me begge to har veldig lyst, altså VELDIG, Eg er jo sjukt glad i han Eg er berre litt engstelig for sexen, me snakka om Kva me synest var greit under samleie, han vill ikkje visa overkroppen, Men Eg vill ikkje visa underlivet mitt som blir eit problem under sex, men korleis kan me då ha ”skikkelig sex” me begge vill dela kroppen me kvarandre, Eg er den einaste som har eit problem no fordi Eg er så ukomfortabel med AKKURATT sex ved bruk av mitt underliv, Eg veit ikkje Kva Eg skal gjera, Eg har sånn to dagar på meg og… Eg vill virkelig at da skal bli bra!! Plis svar fort, takk ❤️

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.

Du fortel at du/de treng tips for at sex skal gå bra om to dager. Men; du fortel og om at de begge har utfordringer med korleis kroppane dykkar ser ut. Kanskje det kan vere fint å bestemme dykk for å ta det litt meir med ro og gje dykk sjølv litt meir tid til å verte trygge på dykk sjølve og kvarandre?

Presser ein seg til å gjere noko ein eigentleg ikkje kjenner seg klar for, kan det verte ei vond og vanskeleg oppleving å ha sex. Er ein veldig oppteken av at den andre ikkje skal sjå heile eller deler av kroppen sin, vert det vanskeleg å slappe av og nyte det som skjer. Då vil ein berre spenne seg og ein vert endå meir nervøs og uroleg.

Opplever ein at kjønnsorganet ein har ikkje stemmer med korleis ein føler seg, kan det være vanskeleg å vere seksuelt aktiv åleine eller saman med nokon. Dette kaller nokon kjønnsdysfori. Det er mogleg å endre korleis ein tenkjer om kroppen, kjønnsorganet og sex om ein får hjelp av nokon. Helsestasjon for ungdom er ein fin stad å få hjelp. Under svaret vil du finne nokre lenker som kan vere til hjelp.

istadenfor å presse dykk til å gjere noko ubehageleg tidleg i forholdet dykkar, kan det vere ei betre løysing å verte tryggare på dykkar eigne kroppar, kvar for dykk. Prøv dykk fram og kjenn etter kva de kan klare å få til av berøringer og stimuleringer. Kor mykje av kroppene dykker er det mogleg å vise til den andre? Kva former for stimuleringer/berøringer er det ok at den andre gir deg?

Etter kvart som de vert tryggare på kvarandre kvar for dykk, vil det verte mogleg for dykk å finne ut kva de kan gjere saman.

Dette var kanskje ikkje svaret du ynskte å få, men nokre ganger er løysninga å ta det litt med ro og gje seg sjølv litt tid for at sex skal bli ei god oppleving.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 8.11.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål