Kan kjærasten og eg ha sex om vi båe vil?
Gutt, 15
Hei. Kan eg og kjæresten min ha sex om vi vill. Vi kliner, og koser egentlig kvar dag. Eg er konfetabel med det ho gjør. Vi begge har egentlig lyst. Så når er det best at vi gjer det tanke på når i måned for jenta. Og hvor og hos kem. Og ka vi må gjøre rett med kondom. Og ka stilling vi kan begynne med og hva vi kan gjere for å kose oss.
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.
Mest sannsynleg veit du det finnes ei lov som seier kor gamal du må vere for å ha sex med nokon. Lova om seksuell lågalder seier du må vere 16 år for å ha sex med nokon og at nokon over 16 ikkje kan ha sex med nokon som er under 16 år.
Lova seier og at straff kan falle bort om dei som har sex er samde, gjev kvarandre samtykke, nære kvarandre i alder og elles like modne.
Du lurer på når i månaden de kan ha sex. Det forstår eg som du lurer på når de kan ha samleier utan at ho vert gravid. Dette varierer veldig frå person til person og frå månad til månad. Det er difor lurt om de:
- Bruker kondom når de har samleier
- Snakker med helsesjukepleier slik at ho kan byrje med hormonell prevensjon
Her finn du ein artikkel om kondom.
Her finn du ein artikkel om ulike prevensjonsmidler.
De kan ha sex og samleier der det måtte passe for dykk og der de kan få vere i fred. Kanskje har de båe dykkar eigne soverom der de kan låse døra? Eller der det tidspunkt de kan vere åleine heime hjå kvarandre?
Før de har sex og samleier dei første gongane er det fint om de båe kvar for dykk vert kjende med fantasiane dykkar og finn ut kva de treng av stimuleringer for å få orgasmer og kva de har lyst til å gjere saman. Og når de har funne ut av det må de snakke saman og fortelje kvarandre kva de forventer skal skje.
Her kan de lese ein artikkel om korleis de kan ha sex dei første gongane.
Her er ein annan artikkel med fleire tips.
Dei første gongane vert det gjerne ikkje spesielt bra, men etterkvart som de får meir erfaring og får øvd, vil det verte betre for dykk båe.
Voner svaret var til hjelp for deg!
Helsing Sexologisk rådgjevar - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 3.4.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål