Spørsmål og svar

Vennen min vil ofte ikke møtes, er vi venner lenger?

Jente, 16

Spørsmålet ditt Hei. Eg lurer på om man fortsatt er gode venner om man går på forskjellig vgs og nesten aldri er i lag lenger. Prøver å spør ofte om å finne på ting når eg kan, men enten så kan ho ikkje eller så finner ho på andre ting. Ho seier at ho vil og at me kan finne på nåke snart, men det skjer aldri. Eg er erlig med ho når det er noe, men er redd ho ikkje er det med meg. Har vore venner siden 1.klasse. Ka er det rette å gjere eg vil jo vere med ho og vere venner. Redd for å spør og mase for mye, redd eg bare er plagsom.

Svar

Hei

Det er vanskeleg å vita kvifor vennen din er så ofte oppteken. Det kan vera at ho rett og slett har mykje å gjera. Det kan hende at de er litt på veg vekk frå kvarandre.

Når ein byrjar på vidaregåande så er det mange som har det travelt. Så det kan tenkjast at ho har mykje å gjera. Når vennen din seier at ho har lyst til å møtast så meiner ho nok det. Men så skjer det ting. Så de er framleis venner.

Ein forandrar seg gjerne i den alderen de er i. Ein får nye venner. Men mange vil også prøva å ta vare på vennskap ein hadde frå ein var barn. Nokon er saman litt sjeldnare når ein blir eldre. Så du må nesten sjå an.

Og det er berre å halda fram med å prøva. Du er ikkje plagsam, du er ein god venn. Lykke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 22.2.2024

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål