Eg lurer på om eg har gjort noko gale, kva skal eg gjere?
Gutt, 14
Hei eg trenger hjelp eg har ei venninne som ble min bestevenn. Så begynte eg og like henne og hu likte meg tilbake. Me har vert sammen i litt over 2 måneder. Og me har bare slapt av kvar dag i ei veke. Og me blei litt sånn meir touchy og hu tok på meg eg tok på hu men ikkje seksuelt. Og me har spurt kverandre om lov. Men så tok eg henne i skrittet og spurte om det går greit hu sa ja. Og eg begynte og type fingre henne utpå klærne. Så fekk eg lov til og ta på trusa også inni trusa. Og me holdt på og eg fingra na. Og eg spurte heile tiden om det gjekk bra med na og hu sa ja heile tiden/kvar gang. Og nå e hu litt sure på meg. Fordi hu ikkje heilt turte og si hu ikkje ville. Men når eg sa sånn går det fint hu svare jada og eg e du heilt sikker! Ja sier hu eg vett ikkje ka eg skal gjøre og ka har eg eventuelt gjort galt!
Svar
Hei!
Først av alt; så fint du skriv til oss på ung.no
Slik du fortel om det som skjedde, verker det som om du har gjort det som er rett. Du har sjekka ut med den andre om det du vil gjere er ok og om ho ville vere med på det. Du spurde fleire gonger og sjekka ut om ho ville vere med på då du tok det eit steg vidare.
Sjekker ein ut med den andre at noko er ok og den andre svarer klart og tydeleg ja, er det altså ikkje lett å forstå at den andre eigentleg ikkje ville. Dette kan vere spesielt vanskeleg dei første gongane ein prøver å ha sex med nokon. Då har ein ikkje så mykje erfaring og det er vanskeleg å forstå kroppsspråk og om den andre eigentleg seier noko anna.
Det kan og vere at ho dei neste dagane angra på det som skjedde og at det difor er vanskeleg for henne.
Løysinga på dette er å snakke saman og finne ut av korleis de vil ha det som kjærestar og om de ynskjer å ha noko form for seksuell kontakt. Saman kan de finne ut av korleis de skal gå fram og korleis sjekke ut om den andre vil vere med på det eller ikkje. Får de ikkje til å snakke saman om dette, kan det vere fint å gå saman til helsesjukepleier på skulen eller helsestasjon for ungdom.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 19.11.2022
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
