Spørsmål og svar

Eg angrer på at eg sa ja til sex.

Jente, 15

Hei, eg er ein 15 år gammal jente. Eg hadde ei kjæreste fra oktober til november i 2025. Jeg mistet dommen med han, men siste gang vi hadde sex, sa jeg nei flere gongar men til slutt sa eg sa ja. Eg angrar veldig mykje på det, og det føltes ikke bra.

Hei!

Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.

Ein skal alltid passe på å få samtykke til sex. Får ein ikkje samtykke, eller kjenner seg usikker, er det fint å la vere og slutte å mase.

Du fortel at du sa nei fleire gonger, men at du etterkvart ga opp og sa ja. Han burde ha forstått at du eigentleg ikkje ville og latt vere å ha sex med deg.

Du har uansett ikkje gjort noko gale. Du gjorde det du kunne for at de ikkje skulle ha sex. Etterkvart blei det for vanskeleg for deg å fortsetje å seie nei.

Det er ikkje uvanleg at ein kan kjenne på kjensler som anger eller skuld etter å ha hatt sex ein ikkje ville. Då er det fint å vite at du kan legge bort tankene som at du har gjort noko feil eller gale.

Nokre gonger er det fint å snakke med nokon når ein har det dårleg med seg sjølv. Då er helsestasjon for ungdom der du bur fin å sjekke ut. Du kan og chatte med ein fagperson på ungdomsklinikken Sex og samfunn.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 12.9.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål