Spørsmål og svar

Han hadde sex med meg sjølv om eg ikkje ville, skal eg slå opp?

Jente, 16

Hei. Eg har èin kjæreste på samme alder og vi har vært sammen i 8 mnd. Eg Elsker han kjempe mye og synes veldig synd på han. Han har det kjempevanskelig med seg selv, foreldre som skal skilles, ingen venner. I helga var vi i lag og han drakk (litt for mye). Når vi skulle sove hadde vi sex først som eg sa ja til. Litt senere prøvde han å ha sex med meg igjen…. Eg sa nei flere ganger og at eg ikke hadde lyst. Han prøvde fremdeles. Eg var opphovnet frem til neste dag der nede. Eg fortalte han neste dag hva som hadde skjedd og han sa at han ikke kunne huske det og var sykt lei seg for hva som hadde skjedd. Eg klarer ikke å tenke på noe annet enn det som skjedde og lurer på om jeg burde slå opp?

Svar

Hei!

Alle former for sex skal berre skje om ein vil vere med på det som skjer. For å finne ut om den andre vil ha sex med ein, må ein spørre om samtykke til sex. Den første gongen de hadde sex den kvelden ga du samtykke til sex, ikkje den andre. Slik eg forstår spørsmålet ditt, reagerte du på at han ikkje respekterte deg og lot vere å ha sex med deg.

Når ein har opplevd noko slikt som du fortel om kan det vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere og om ein skal fortsetje å vere kjærestar. Det kan vere vanskeleg å stole på kjærasten og ein kan kjenne seg usikker på om han kan kome til å gjere noko liknande ein gong til.

For å finne ut av kva du skal gjere, kan det vere fint å snakke med kjærasten din. Sei at det som skjedde gjer det vanskeleg for deg å vere kjærast med han. Spør kva han tenkjer om det som skjedde og kva han vil gjere for å unngå at det skjer ein gong til. Det at han hadde drukke mykje den kvelden er ikkje ei god nok forklaring eller unnskyldning for det som skjedde.

Til sjuande og sist er det du som må kjenne om du får til å vere kjærast med han, uansett kva han fortel deg.

Nokre gonger kan det vere fint å snakke saman med nokon når ein har det vanskeleg med kjærasten. Kanskje de kan gå saman til helsestasjon for ungdom i kommunen og snakke med helsesjukepleiar?

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 3.7.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål