Nokon hadde sex med meg og no kjenner eg meg kvalm.
Jente, 15
på 17. mai så drakk eg skikkelig for første gang. eg blei så full at eg huske nesten ingenting. alt eg vett var at i starten så var det kjekt. hang med venner å koste meg. når med dro ut te et sted der det var samla masse folk, var eg nesten vekke. sovna over alt. politiet dukka opp å alle rømte. mens eg klarte kje å løpa å falt ned i ein busk der eg sovna. våkna opp å ringte ein kompis, han snakka med meg lenge. så dukka det opp 3 guttar å han eine var skikkelig på. eg prøvde å få di te å hjelpa meg opp, men di stakk bare. eg blei liggande fram te han eine kom tebake. så spurte han om å kysse meg å eg sa ingenting før han starta. han tok på meg å styrte på. eg prøvde å få han te å slutta, men var så ute. så hadde han samleie med meg, mens eg var basically bevisstløs. kompisane kom å dro han vekk mens eg blei liggande (pga han kompisen på telefon vett eg akkurat ka så skjedde å at eg stritta imot.) eg vetkje kem han er, annet en at han er rundt 18år. eg blir kvalm av tanken på det.
Svar
Hei!
Så leit å lese om korleis 17 mai blei for deg.
Det er fint å vite at aller former for sex berre skal skje om ein vil vere med på det som skjer og etter ein har g samtykke. Gir ein ikkje samtykke til sex og nokon likevel har sex med ein, kan det være eit overgrep eller valdtekt.
I spørsmålet ditt fortel du at du hadde drukke 17 mai og at du blei så full at du ikkje hugser så mykje og heller ikkje fekk til å ta vare på det sjølv. Då var du ikkje det som vert kalla samtykkekompetent. Då kan ein ikkje gje samtykke til sex. Den som hadde sex med deg burde ha forstått dette og latt vere å ha sex med deg.
Her kan du lese kva politiet seier om overgrep og valdtekt.
For å finne meir ut av kva som skjedde og korleis du kan få det betre, er det fint å snakke med nokon. Helsestasjon for ungdom i kommunen kan vere fine å snakke med. Det er og fint å sjekke ut Alarmtelefonen eller chatten til ungdomsklinikken Sex og samfunn.
Det kan og vere fint å snakke med helsesjukepleier for å finne ut av om du treng nødprevensjon/angrepille og/eller testing for seksuelt overførbare infeksjoner.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 20.5.2025
Oppdatert: 22.5.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål