Spørsmål og svar

Var det eg opplevde valdtekt?

Jente, 18

Hei det var en gong eg hadde sex å eg var bevistløs pga mye alkohol. er dette voldtekt? har ikkje turt å snakket med noen om det. Eg endte opp med å rakne noe veldi å føler at det rakner litt kver gong eg har sex no 2 år seinare. Er det noko eg burde dra til lege med?

Svar

Hei!

Sex skal berre skje om ein sjølv ynskjer det og gjev samtykke til det som skal skje. Vert ein ikkje spurt om samtykke, kan det vere voldtekt eller eit seksuelt overgrep.

For å kunne gje eit samtykke må ein vere det som kallast samtykkekompetent. Er ein så full at ein ikkje får med seg kva som skjer, eller søv, er ein ikkje samtykkekompetent og den som ynskjer å ha sex med ein må la vere.

Det er politiet og domstolane som kan avgjere om noko som har skjedd er ein valdtekt eller ikkje og difor kan ikkje vi på ung.no sei heilt sikkert at det du har opplevd er ein valdtekt eller ikkje. Kanskje det kan hjelpe å lese kva politiet seier om overgrep og valdtekt?

For å finne meir ut av kva det var som skjedde, er det fint å snakke med nokon. Då er helsestasjon for ungdom ein bra stad å få hjelp. Der kan du og få snakke med lege og få ei undersøking slik at du kan finne ut kvifor du revner når du har sex og kva som kan gjerast slik at du slepp å oppleve det att. I tillegg kan du under spørsmålet finne lenker til andre tilbod som kan vere til hjelp for deg.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 2.12.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål