Spørsmål og svar

Er det ulovleg om ein på 17 har sex med ein på 15?

Gutt, 15

Hei! Eg lurer på om det er ulovlig å ha sex hvis en jente er 17 og guten er 15 er det ulovlig å ha sex da?

Svar

Hei!

Så fint du sender oss eit spørsmål når du lurer på noko.

Det virker som om du veit noko om at det finnes lover som seier noko om sex og aldersgrenser.

Lov om seksuell lavalder seier at ein må vere 16 år for å ha sex med nokon og at ein person over 16 år ikkje kan ha sex med ein som er under 16 år.

Lova kan verke streng og urettferdig, men finnes fordi unge personer under 16 år ikkje nødvendigvis er modne nok fysisk og psykisk til å ha sex med nokon. Lova skal og verne ein frå å måtte ha sex med eldre ungdommer og vaksne.

Sjølv om lova seier ein må vere 16 år for å ha sex med nokon, så seier den og at straff fell bort om dei som har sex får samtykke og elles er nære i alder, modning og utvikling. Det betyr at ein på 15 og ein på 17 i mange tilfelle kan ha sex saman utan at det vil føre til straff.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 4.3.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål