Spørsmål og svar

Er det lovleg å ha sex om ein er like gamle og under aldersgrensa?

Gutt, 13

Har man lov til og ha sex med ein person som er like gammel som deg når man er under aldergrense?

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.

Svaret på spørsmålet ditt er nei. I Noreg finnes det fleire lover som seier noko om aldersgrenser og sex. Ei av lovene seier at alle former for sex med ein person under 14 år er forbode. Dette gjeld sjølv om ein liker og vil vere med på det som skjer.

Sjølv om det ikkje er lov, vil ein ikkje verte straffa om nokon finn ut av at ein har sex når ein er under 14 år. Grunnen til det er den kriminelle lågalderen på 15 år; personer under 15 år kan ikkje få straff om ein gjer noko forbode. Det kan likevel få konsekvenser for ein sidan foreldre/føresette vert informert i tillegg til barnevernstenesta.

Det som er lov, er å utforske kroppen sin og kva ein kan gjere for å gje seg sjølv gode orgasmer og opplevinger når ein har sex åleine.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 1.9.2025

Oppdatert: 1.9.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål