Spørsmål og svar

Er det gale å knulle ei som er eitt år eldre?

Gutt, 13

Eg har knult ei som er et år eldre er det gale

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.

Nokre gonger er det heilt i orden å knulle nokon, andre gonger er det ikkje så bra. Dette er nokre viktige punkt om ein får lyst til å knulle nokon:

  • Vil den andre også knulle?
  • Har eg fått samtykke frå den andre til å gjere dei tinga eg vil?
  • Bruker eg sjølv og den andre prevensjon som kondom og p-piller?
  • Får eg til å stoppe om den andre ombestemmer seg og ikkje vil meire?

Svarer ein ja på alle desse spørsmåla vil det i utgangspunktet vere i orden å knulle nokon.

Men; i Noreg finnes det lover som seier noko om sex og aldersgrenser. Ei av lovene sier at det ikkje er lov med noko slags form for sex med ein person under 14 år. Det betyr at det ikkje er lov å ha sex med deg. Lova finnes fordi ein ikkje er tilstrekkeleg moden fysisk og psykisk til å ha sex med nokon når ein er så ung.

Sidan de båe er under den kriminelle lågalderen på 15 år vil de ikkje bli straffa for å ha hatt sex, men det kan likevel vere ok å vite om lova. Den kan virke streng og urettferdig, men finnes altså fordi ein kan trenge litt hjelp for å sleppe å ha sex med nokon i så ung alder.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 15.6.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål