Eg får ikkje utløysing eller orgasmer.
Gutt, 15
Hei eg er 15 år. Eg får ikkje utløsning, har aldri fått det. Er veldig utvokst, puberteten starta når eg var 11. Har utvokst penis og mye hår på kroppen og mørk stemme. Sliter ikkje med å få stiv penis, men stresser med at eg ikkje får utløsning eller orgasme. Har hatt sex 2 ganger og får ikkje utløsning der hell og det er ganske flaut så lurer på kva eg må gjere.
Svar
Hei!
Eg er litt usikker på om eg har forstått spørsmålet ditt. Har eg mistydd deg, er det difor heilt i orden om du sender oss eit spørsmål til.
Slik eg les spørsmålet ditt, får du ikkje orgasmer eller utløysing om du onanerer åleine eller har sex med nokon. Du seier og at du er komen så langt i puberteten at det ikkje skal vere det som er årsaka til dette.
For å få orgasmer og utløysing saman med nokon, må ein først få det til åleine. Får ein ikkje orgasmer når ein onanerer åleine, kan det handle om måten ein onanerer på. Nokre teknikker kan gjere det vanskelig å få orgasmer og det er difor fint å eksperimentere litt med ulike måter ein kan onanerer på.
Skjer det ingenting om du prøver deg fram med ulike teknikker, kan det vere nyttig å snakke med ein lege for å eventuelt sjå om det er noko som du treng behandling for.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 4.1.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål