Korleis kan eg runke slik at eg får utløysing?
Gutt, 13
Hei, eg lurer på hvordan eg kan runke og hvordan få utløsning/sæd ut av penis? Eg har prøvd å runke kjempe lenge uten å få utløsning, eg har også prøvd å runke mens eg såg på porno med det virket ikkje det heller.
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss på ung.no
Når ein kjem i puberteten skjer det mange ulike ting med kroppen. En veks og korleis ein ser ut på utsida endrer seg. På innsida skjer det og ting; ein byrjer å legge merke til kven ein vert forelska i og kåt på. Hormonane raser rundt i kroppen og gjer at ein kan kjenne seg kåt stort sett heile tida.
Den beste og enklaste måten å takle all denne kåtskapen på, er å runke.
Dei ulike delane av puberteten skjer til ulik tid. Det betyr at sjølv om ein vert kåt, får lyst til å runke, penis blir stiv og ein får orgasme, så kan det vere for tidleg til at ein får utløysing.
For nokon kan det og handle om teknikk, altså at måten ein runker på er slik at ein ikkje får orgasmer og med det heller ikkje utløysing. Tenkjer du det kan gjelde deg, kan det vere fint om du trener deg på ulike måter å runke på.
Mest sannsynleg vil utløysing kome innan kort tid. La kroppen få utvikle seg, så vil utløysinga kome når kroppen er klar.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 11.10.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
