Korleis kan eg få orgasme raskast mogleg?
Gutt, 14
Hei, gutt 14 her. eg bare lurt på kosen eg kan få orgasme så fortast mulig, eg runka kveir dag, men vil onanere fortar, hva kan eg gjøra? har prøvd tanka, men funka ikke
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.
I spørsmålet ditt skriv du at du vil runke fortare enn det du gjer i dag. Det som gjer det litt vanskeleg å svare på spørsmålet ditt, er at du ikkje skriv noko om kor lang tid det tek for deg å få orgasmer no.
Kanskje er det slik at du i dag runker så fort som det er mogleg å få til eller så kan det vere at du bruker litt lang tid?
Her er nokre tips du kan teste ut:
- Å bruke sine eigne sexfantasier vil gjere ein meir kåt og med det kan ein kome raskare enn elles.
- Prøv deg fram med ulike teknikker når du runker. Gjer ein det alltid på same måten, kan det bli kjedeleg og då tek det lengre tid å kome.
- For å bli meir kåt, er det fint å stimulere deler av kroppen som er ekstra kjenslege som til dømes øreflippane, brystvortene eller innsidene av låra. Finn dine stader og ta på deg sjølv medan du runker.
Det kan vere ok å vite at om ein venner seg til ein måte å runke på som gjer at ein vert ferdig på nokre få sekund, så kan det bli vanskeleg når ein etter kvart skal ha sex med nokon. Då vil ein i dei aller fleste høva ynskje seg å ikkje kome så raskt, men heller bruke lengre tid.
Uansett; kos deg med runkingen og kroppen din!
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 28.3.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
