Eg får kun orgasmer i ein posisjon, kva kan eg gjere med det?
Jente, 17
Hei! Eg klarer kunn å få orgasme i ein posisjon. Kunn vis eg har beina rett og strammer musklane. Noke eg kan gjøre? Har prøvd mange ganger og med vibrator og vanlig, men kan holde på leeeenge og klarer aldri å komme med mindre eg strammer beina og har dei rett. Ødlegger litt for sex livet…
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.
Sjølv om ein kanskje tenkjer det er umogeleg, er det fint å vite at ein kan få orgasmer på mange ulike måter. Bruker ein "sin" måte og ingen andre, vil det etterkvart verte vanskeleg å få orgasmer både om ein onanerer åleine eller har sex og samleie med nokon. Her kjem det nokre tips å sjekke ut:
- Tenk over kva og kven det er som gjer deg kåt. Det å verte klar over eigne fantasier vil gjere det lettare å bli kåt, men kan og gi inspirasjon til seksuelle ting ein kan tenkje seg å teste ut åleine eller saman med nokon.
- Over heile kroppen er det stader som er ekstra kjenslege for stimuleringer, til dømes øreflippane, brystvortene og innsidene av låra. Berøring av kjenslege stader forsterker nytinga onani og sex gir.
- Vert kjent med korleis kjønnsorganet ser ut og korleis det kjennes å onanere og fingre på ulike måter.
Kanskje det kan vere nyttig å vite at 70% av alle jenter treng å få stimulert klitoris for å få orgasmer?
Prøv deg fram og bruk tid til å bli kjend med fantasiane og kroppen din. Ver tolmodig, det tek tid å endre korleis ein kjenner det å skulle fingre og onanere.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 22.5.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
