Har problem med utfloden. Må eg få gynekologisk undersøkelse av lege?
Jente, 16
Eg har et problem med utfloden som eg har hatt ei stund og gått på sånn vagitorer men det funket ikke, så burde og må egt gå te legen, men så syns eg det e så kleint og gå dit og snakke om sånn og i alle fall vis eg må kle av meg og dei må ta sånn gynekolog prøve og sånn for det tør eg ikke, men også vis eg ska te legen hva er det de komme til å sei og spør om, for e dt sånn at eg må kle av meg og dei må undersøke nedentil?
Svar
Hei kjære deg.
Når du har hatt eit problem med utfloden, og du ikkje har fått løyst det ved hjelp av vagitorier, synest eg også at du bør gå til legen.
Sidan eg ikkje kan undersøke deg sjølv, kan eg ikkje seie heilt sikkert kva legen din vil gjere, eller kva som vil skje. Men eg vil nok tenke at legen vil ønske å undersøke deg gynekologisk (i underlivet).
Det vanlege, viss ein går til legen med underlivsproblem, er at legen først stiller spørsmål - om utflod, mens og syklus, eventuelle smerter, andre blødninger eller symptomer.
Så kan det godt hende legen vil ta ei gynekologisk undersøking. Det skjer på en gynekolog-stol. Den kan vere i eit anna rom, bak eit forheng, eller i same rommet (ein låser ofte rommet, så ingen plutseleg skal kome inn). Ein mannleg lege ber då ofte ein kvinneleg medarbeidar (frå kontoret, ikkje en anna lege) om å vere der akkurat då, så det skal vere trygt for begge. (Dette treng ikkje skje, sjølv om mannleg lege). Men du kan sjølv be om at ei kvinne er der under undersøkinga, eller du kan ha med deg nokon - mor, venninne, søster - som kan stå ved hovudenden din og som ikkje ser).
Ein kan for øvrig ta med nokon til legetimen også (så kan dei gå ut, eller bli der) under den gynekologiske undersøkinga.
Men ein kler av seg bukse og truse under gynekolgisk undersøking. Du kan lese meir om dette i artikkelen under. Eit godt tips er å ha på tunika/lang genser/skjørt, så ein kan dra denne litt nedover dei stundene når legen ikkje undersøker.
Det kan være ubehageleg og uvant, men skal ikkje vere vondt med underlivsundersøking. Det blir betre om ein ikkje spenner seg, og ein kan gjerne fortelle legen at det er første gong og at ein gruar seg. Då kan legen forklare og ta omsyn til det.
Mange gruer seg til den første gongen, men det går som regel heilt fint. Det kan hjelpe å hugse på at for legen er dette som å undersøke ein hals eller eit kne - legen ser kun på det medisinske, og legar ser mange underliv kvar dag. Så dette treng ikkje vere noko flaut.
Det er lurt å gå til legen om ein har underlivsproblem - då får du hjelp, og så slepp du å ha plager.
Lukke til!
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 27.3.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



