Spørsmål og svar

Eg og kjærasten har slått opp og eg veit ikkje kva eg skal gjere.

Jente, 15

Eg og kjæresten har slått opp og eg veit ikje ka eg skal gjøre med livet, eg døler meg så aleine og jeg veit ikje ka eg skal gjøre med livet mitt uten han, eg føler nesten eg har blitt gal. Ka burde eg gjøre?

Svar

Hei!

Så leit å høyre at du og kjærasten din har slått opp. Det er veldig leit at du føler deg så aleine og ikkje veit kva du skal gjere med livet ditt akkurat no.

Å slå opp med nokon man har vore så nær kan vere kjempetungt – til og med sånn at man nesten kan føle at man blir gal, sånn som du fortel om. Når det er så tungt, kan det vere ein trøyst å vite at dette kjem til å gå over, sjølv om det sikkert ikkje verkar mogleg i det heile tatt akkurat no!

No er det som verst, og herfra kjem det til å bli enklare og enklare å takle bruddet, med nokre oppturar og nedturar langs vegen. No er det viktigaste å fokusere på dei enkle tingane som kjem til å gjere den tyngste tida lettere: Få i deg nok mat, kom deg ut i frisk luft kvar dag og ver i litt fysisk aktivitet, og ikkje ver aleine om dette. Snakk med nokon, uansett kven det er! De aller fleste som er litt eldre har vore gjennom eit vondt brudd eller fleire, og vil forstå deg<3

Etter kvart kan du prøve å finne tilbake til det som er deg. Kva liker du å gjere? Kva gjer deg energi? Kanskje du ikkje veit svaret på det enno, og treng å prøve noko nytt? Ein ting er sikkert, og det er at det er godt å gjere noko for andre. Og så er det veldig bra å gjere noko som kan få tankane dine til å kvile ei lita stund! Noko som får deg i flytsonen, ein aktivitet som du liker, eller å lese ei bok eller høyre på musikk.

No er det tungt, men eg lover deg at du kjem til å finne ut kva du skal gjere med livet ditt etter kvart. Det kjem til å gå seg til heilt av seg sjølv<3

Sender deg varme tankar. Dette greier du<3

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 4.8.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål