Spørsmål og svar

Er det noke medisin eg kan ta? Er redd for Spaniatur i haustferien

Jente, 17

Hei. Eg skal mest sannsynlig til Spania i 1 veke med dei to bestevenninnene mine, og familien til ho eine i haustferien. Eg sliter mykje med angst, panikkanfall og er ein sensitiv person fordi eg har opplevd mykje vanskelig i barndommen og ilp dei siste åra. Har hatt problem med å sove vekke når eg var yngre og sliter med heimlengsel. Har hatt dårlige opplevelser på klasseturer pga panikkanfall og konstante sammenbrudd, noke som har gjort det å vere vekke frå heime i lenger periodar vanskeligare. Eg veit ikkje ka eg skal gjere lenger for alt det vonde sitter så langt inne. Eg har lyst til å kose meg i Spania uten den vonde følelsen i magen og at eg bare tenker på dei heime. Eg vurderer faktisk å bli heime fordi det kan bli for vondt og vanskelig. Har prøvd psykolog, helsesøster, snakke med mamma og pappa, fastlege og føler ingenting hjelper. Det er så kjipt og vondt at angsten begrenser så mykje av livet mitt, og det begynner seriøst å bli et problem. Finst det noke medisin eg kan ta?

Svar

Hei, jente på 17 år!

Eg forstår godt at det setter ein demper på stemningen når du kjenner deg så redd og utrygg i forkant av Spania-turen. Skal prøve å gi deg nokon råd.

Når det gjelder medisin så er det nok ikkje så lurt å ta medisiner for dette. Beroligande medisiner blir helst brukt kun i avgrensa tilfeller (t.d. på ein flytur o.l.) og bør ikkje brukast under eit heilt opphold på ferie - dette fordi det er vanedannande. Samtidig så er det lurt å øve seg på å takle angsten/uroen på andre måtar slik at ein klarar seg uten medisiner.

Det er ganske lenge til haustferien og du har tid til å førebu deg slik at angsten ikkje styrer så mykje. Det som er viktig å hugse på når det kjem til panikkanfall (og angsten for å få det) er å øve seg på å akseptere at angsten/panikken kan komme heller enn å forsøke å dempe/få den vekk. Dette fordi det egentlig er forsøkene på å dempe/få den vekk som opprettholder angsten. Ved å "oppføre seg annleis" knytta til angsten vil den etterkvart begrense deg mindre - og det er jo det som er målet.

Du kan lære meir (og øve deg) gjennom dette sjølvhjelpsprogrammet. Det går også an å lese boka "Tenk hvis.. hva så?" (Aarøe og Øiesvold) for å bli klokare på temaet - den kan du f.eks låne på bibliotek.

Når det er sagt så er det også lurt å hugse på alle dei kjekke tingene med det å reise på tur. Når ein har mykje angst og bekymringar er det lett at dette faller i skyggen. Det kan vere motiverande og kjekt å f.eks lage ei liste over ting du har lyst til å se, gjere, oppleve på staden du skal til. Kanskje du kan søke opp om det er noen butikkar eller restaurantar du vil se/ete på? Kanskje kan du lage ei kjekk speleliste med musikk du likar å høyre på som kan vere ei slags reiseliste/motivasjonsliste? Det er ikkje så lett å "tenke positivt" når ein er redd men det kan vere lurt å forsøke å sleppe til dei positive sidene av turen også.

Eg ser at du skriv at du har snakka med fleire om det du strever med. Det kan likevel vere lurt å snakke med nokon direkte om akkurat denne turen og om det er nokon som har tips til deg i forbindelse med turen. Kanskje kan du lage avtaler med foreldra til venninna di (dei du reiser med) om kva du trenger for å føle deg trygg (nok) for å reise.

Hugs også at ei veke er veldig kort tid og når du har vore der i kun fire dagar er du allereie over halvveis av turen. Det er dermed ikkje slik at du skal vere lenge vekke. Det er heller ikkje farleg å vere engsteleg/redd/ å få panikk sjølv om det er ubehagelig.

Eg ynskjer deg alt godt og lykke til med både førebuingane og turen når den kjem. Håpar og trur det går betre enn du fryktar!

Med beste helsing frå psykologen

Besvart: 29.3.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål