Spørsmål og svar

Korleis få ein kjærast og korleis få sex?

Gutt, 14

Hei, eg er ein veldig kåt og liten gut som har veldig lyst til å ha ein kjæreste, og sex. Men klarer ikkje å få det fordi eg ikkje tør å snakke med jente eg likar. Har vert sånn sidan eg var liten, og eg har alltid trudd at det vil gå over av seg sjølv, men det har ikkje gjort det. Korleis snakke med jente som du liker og korleis legge opp til at du skal ha samleie med ei jente? Har spurt dette spørsmålet før, men har ikkje fått eit bra nokk svar.

Svar

Hei!

Så bra du spør oss på nytt når du ikkje får godt nok svar. Då skal vi prøve å svare deg på ein litt betre måte.

Det er ikkje rart eller uvanleg at ein ikkje heilt får til å flørte og sjekke opp nokon når ein er 14 år. Faktisk er det vanleg å ikkje få det til i alle aldrar.

I Noreg finnes det lover som seier kor gamal ein må vere for å ha sex med nokon. Ei av lovene handler om seksuell lågalder og seier at ein må vere 16 år for å ha sex med nokon. Dette kan verke veldig strengt, men lova finnes fordi personer under 16 ikkje er tilstrekkeleg modne og utvikla til å ha sex med nokon.

For å bli kjent med nokon og kanskje få ein kjærast, er det enklaste det beste. Ver deg sjølv, ver interessert og bli kjent med den du liker. Spør den andre kva ho liker, kva ho er interessert i. Ver høfleg, pass på at du er velstelt og ser ok ut. Du treng ikkje dyre merkekle, men sjå ordentleg ut.

Etter kvart som du prøver deg fram, får du erfaring og vert tryggare på deg sjølv. Då blir det lettare for deg å få til å bli kjent med nokon. Og når du nærmer deg 16, kan du byrje å tenkje på sex.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 29.7.2024

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål