Er det godt å ligge saman med undertøy?
Gutt, 13
Hei, eg og kjæresten har lyst på sex men hu er 2 år eldre enn meg så skal ikkje ha. Men er det like godt å ligge i undertøyet uten å ha sex. Også vil eg kline og ser at dere seier øv deg på hånden men har dere noen andre tips?
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss på ung.no
Det kan vere fint å ligge saman i ei seng med undertøy på, men det vil ikkje kjennast likt som å ha sex med nokon. I spørsmålet ditt fortel du at du er 13 og kjærasten 15. Det kan synast som at du veit de ikkje kan ha sex saman. Alle former for sex med ein person under 14 år vert definert som valdtekt og dette gjeld sjølv om ein liker og vil vere med på det som skjer. Det gjeld og om ein har på undertøy.
Dette betyr at de kan ligge i same seng, med undertøy på, men de kan ikkje gjere noko som helst som handler om sex. Å kline vil vere i orden.
Kjenner ein seg ofte og mykje kåt, er vår tilråding å utforske korleis ein kan gjere det godt for seg sjølv. Det er fleire stader på kroppen det kan kjennast godt ut å bli tatt på, til dømes brystvortene og innsida av låra. Prøv deg fram og vert kjent med heile kroppen din og ulike måter å onanere på. Då vert du betre budd på å skulle ha sex med nokon i framtida. I tillegg kan du gje deg sjølv mange gode orgasmer.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 31.7.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
