Er det overgrepa som gjer sex vondt?
Jente, 17
Hei! Eg har en kjereste, har vert i lag i snarr 3 år! Men vert ei greie i 6 år! Eg har opplevd overgrep da eg var barn flere ganger! Å eg har kje slete me dette før sån veldi! Å eg hsr hatt eit bra sex forhold til min partner, men i det siste har eg kje klarr å bli skikkelig kåt å eg synest det gjør vondt under sex! Å eg klarer ikkje å nyte det, men eg sier i fra til han så han veit det, å han sier deg går helt fint å trygger meg å sier han ikkje vil gjør meg vondt! Han er verdens beste! Men eg føler likevel eg sårer han å eg har doelig samvitighet, men trur du det er pga øvegrepene det er sån? Elle mister eg følelser! Elle kva er det? Eg synest det e supervsnskli’ eg aner ikkje ka eg skal gjør, ef vil jo ha eit bra sexliv me han lkz
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.
Er det slik at det gjer vondt å ha sex og samleier, vil ein etter kvart misse lysta på sex og samleier. Ein veit det gjer vondt og difor vil ein ikkje utsetje seg sjølv for smerter. Då let ein heller vere å ha sex og lysta på sex vert redusert, eller borte.
Det kan vere fleire årsaker til at det gjer vondt, seksuelle overgrep som ein ikkje har fått hjelp til å bearbeide, kan gje smerter. Ein kan og får smerter om ein prøver å ha samleier før skjeden er tilstrekkelig fuktig og utvida. Ulike infeksjoner som sopp og klamydia kan og gje smerter.
For å finne ut kvifor du har smerter, er det fint å snakke med en lege. Du kan sjekke ut om kommunen din har helsestasjon for ungdom. Det er ein fin stad å få hjelp. Du kan og snakke med fastlegen din. Det viktige er at både du og legen sjekker ut denne nettsida som gjev mykje informasjon om smerter ved samleie – vulvodyni.
Uansett kva du gjer med smertene, er det viktig at du får snakka med nokon om overgrepa du har vore utsett for. Det kan du og få gjort på helsestasjon for ungdom.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 26.1.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

