Spørsmål og svar

Det er utruleg vondt å ha samleier, kva gjer eg?

Jente, 16

Hei, Eg og kjæresten min har ikkje hatt vaginalsex uten at eg får vondt på ca 1 år. Vi har på eit måte slutta med sex fordi det er so vondt. Eg har skjekka meg for masse hos legen og vert hos gynekolog, ingen svar. Eg trur det kan vere traumer, for stram eller ikkje kåt nokk. Eg får vondt bak hullet og veit ikkje kvifor. Traumer er fordi vi hadde sex mens eg hadde vondt. og føler eg ikkje klare og gjere noko med å vere kåt nokk eller å løsne vaginamusklene, vansklig og slappe av. Vi begge ønsker å begynne igjen, men det er umulig. Har utrulig vondt, hva skal vi gjøre? (har basically prøvd alt)

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.

Det virker som om du har gjort svært mykje for å finne ut av kvifor det er vondt for deg å ha samleier.

Smerter når ein har sex kan ha mange årsaker. Den mest vanlege er at ein prøver å ta imot en penis før skjeden er tilstrekkeleg fuktig og utvida. Da vil den vere for trang og for tørr. Tek ein likevel imot ein penis, kan slimhinnene i skjeden få rifter. Dette kan gjere vondt og det kan av og til byrje å blø litt.

Smertene kan og kome av ulike infeksjoner som klamydia eller sopp, men dette verker det som om du allereie har sjekka ut.

Ei anna årsak kan vere meir samansatt. Kanskje starta smertene meir eller mindre tilfeldig. Etter kvart kan ein byrje å grue seg til det å ha sex; vert det vondt denne gongen og? Då kan ein byrje å spenne musklane i området rundt skjeden og det igjen kan gjere det vondt å ha samleier.

Du har snakka med mange om problema dine, men det virker ikkje som om du har fått snakka med dei rette fagpersonane. Her er det ei nyttig nettside du kan sjekke ut.

Når ein har smerter ved samleier og dei har vart lenge, vil behandlinga som regel vere ein kombinasjon av å snakke med lege, fysioterapeut og sexologisk rådgjevar.

Ta ein tur innom helsestasjon for ungdom og vis dei spørsmålet ditt. Det kan også vere nyttig å chatte med ungdomsklinikken Sex og samfunn.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 22.5.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål