Det gjer vondt å ha samleie, kva gjer eg med det?
Jente, 15
Hei, eg og kjeresten min får ikkje fått hatt sikklig sex på sikkert snart rundt 8 måndar fordi eg har veldig vondt i underlivet, ein gang so trudde eg de var sopp og tokk stikkpille, de hjalp åsso blei eg vond nesten med en gang igjen, vi prøvde nokon måndar pause men fårtsatt vondt, har testa meg for alle kjønnsjuksdommar og sopp men det er negativt. Går på pp har også prøvd med pause, det er heller ikkje rifter. Vi prøvde igjen etter mangen måndar og endå en stikkpille, fårtsatt vondt. Legane finner ikkje uy av det og eg er lei. Pp mine er melleva. Må finne ut kva som feiler meg. Underlivet mitt føles hovna opp ut, det svir og kjennes ut som en blåkul på innsida og utsida. Gjør berre vondt under samleie.
Svar
Hei!
Så leit å lese om smertene dine.
Sex og samleier skal ikkje gjere vondt, ikkje når ein held på og heller ikkje etterpå. Gjer det vondt, er det både fint og viktig å stoppe opp og heller gjere noko som ikkje gjer vondt.
Den kanskje mest vanlege årsaka til at samleier kan kjennes vonde er at ein prøver å ta imot ein penis før skjeden er tilstrekkeleg fuktig og utvida. Prøver ein likevel å ta imot noko, kan det oppstå rifter i slimhinnene i skjeden. Dette gjer vondt.
Har ein opplevd dette nokre gonger, byrjer musklane i området rundt skjeden å spenne seg. Dette kan etter kvart føre til smerter som gjer det vanskeleg eller umogeleg å gjennomføre samleier.
Det er fleire andre årsaker til at samleier og sex kan kjennast vonde og dette kan ein finne ut av om ein treff ein dyktig lege. Slik du fortel om plagene dine og alle gongene du har snakke med ein lege om dei, så virker det ikkje som om du har truffe «rett» lege som kan nok om smerter ved samleie – vulvodyni. Her kan du lese meir om vulvodyni.
Ikkje gi opp, sjå på nettsida vulva.no om det finnes helsepersonell i nærleiken av der du bur som kan hjelpe deg.
Finnes det ikkje, kan det vere fint å ta ein tur innom helsestasjon for ungdom i kommunen din eller fastlegen din. Spør om dei kan noko om vulvodyni. Kan dei ikkje noko om det, kan du be dei om å fortelje korleis du kan få god og rett hjelp.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 26.1.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
