Spørsmål og svar

Kan støtsmerter under samleie kome etter kvart?

Jente, 20

Eg var i eit forhold for nokre år sidan og hadde sex med partneren min. Det var fint i starten men på slutten av forhold hadde eg vondt under sex. Har ikkje hatt sex sidan men no når eg skulle ha det var det vondt og ubehagelig. Føltes ut om støtsmerter og var vondt. Kan støtsmerter komme etterkvart? Kan det være noko anna? Følte meg litt stressa og urolig men var også klar for å ha det.

Svar

Hei!

Det er fint å vite at sex og samleier aldri skal gjere vondt. Kjenner ein det gjer vondt, er det fint å stoppe opp og heller gjere noko anna som de båe kan like.

Smerter under samleie kan ha fleire årsaker, men den mest vanlege er at skjeden ikkje vert tilstrekkeleg fuktig og utvida eller at den blir tørr undervegs. Det at skjeden blir tørr og trekk seg saman kan spesielt skje om samleiene varer lenge.

Tenkjer du at dette er noko som kan gjelde dykk når de har sex, er det fint å snakke saman og saman finne ut kva de kan gjere av sex utan at det vert vondt for nokon av dykk.

Støtsmerter kan og kome at at penis "dunker" inn i livmorhalsen. Den kan ein kjenne som ein "klump" heilt inst i skjeden. For å unngå at det skjer, kan ein prøve å variere samleiestilling.

Det kan og vere fleire andre årsaker til støtsmerter. For å finne ut av det, kan det vere både fint og viktig å ta ein tur innom lege på helsestasjon for ungdom i kommunen din eller fastlegen.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 6.3.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål