Spørsmål og svar

Det gjer vondt å ha samleier, kva skal eg gjere?

Jente, 17

Hei. Eg har eit problem som eg synest er vanskeleg å snakke om. Når eg prøver å få noko inn i skjeden, får eg vondt og klarer ikkje å slappe av. Det kjennest som kroppen strammar seg, og det blir veldig ubehageleg. Dette har også gjort det vanskeleg med kjæresten min, fordi sex ofte gjer vondt for meg. Etter kvart har eg mista mykje av gleda og lysta til sex fordi eg er redd for at det skal gjere vondt. Eg lurer på kva dette kan kome av, og om det finst noko eg kan gjere for å få det betre. Er dette vanleg? Burde eg snakke med lege eller nokon annan?

Hei!

Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.

Det kan vere fint å vite at sex og samleier aldri skal kjennes vonde ut. Det skal ikkje gjere vondt medan du har samleier eller etterpå. Gjer det vondt, er det fint å stoppe opp og heller gjere noko som de begge liker og som kjennes godt ut for dykk båe.

Du er ikkje åleine om å ha smerter ved samleie. Sjølv om det ikkje skal gjere vondt er det mange som opplever det.

Det kan vere fleire årsaker til at du får smerter:

  • Om skjeden ikkje er tilstrekkelig fuktig og utvida før penis blir ført inn kan det rett og slett kjennes for trangt ut og det kan oppstå rifter i slimhinnene
  • Ulike infeksjoner som klamydia og sopp kan gjere slimhinnene tynnere og med det oppstår det lettere rifter
  • Stram muskulatur i området rundt skjeden kan gjere at det ikkje vert mogleg å ta imot ein penis

For å få det betre er det både fint og viktig at du får snakka med fagfolk som kan noko om det som vert kalla “vulvodyni”; altså smerter ved samleie. Ein god start kan vere å ta ein tur innom helsestasjon for ungdom der du bur. Anten så kan dei hjelpe deg der eller så veit dei kvar du skal gå elles.

Les gjerne meir om vulvodyni og smerter ved samleie i denne artikkelen eller på denne nettsida.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 9.6.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål