Spørsmål og svar

Eg gruer meg veldig til ungdomsskulen. Korleis kommer det til å gå?

Gutt, 13

Hei Eg har grublet lenge på ungdomsskulen og eg gruer meg veldig. Det eg gruer meg til er om eg gjer det bra på ungdomsskulen eller nye venner folk. Eg er redd for å bli mobba av folk. Eg er ganske snill og vennene mine liker meg og verre med meg. Eg kommer også til og savne den gamle klassen min som var morsom og alle minnene vi hadde på barneskolen. Men eg og bestevennen min går i lag i samme klasse og vi tar samme buss som gjer meg trygg å tenke på. Eg veit eg må gjennom ungdomsskulen og eg kommer til og verre med dei gamle vennene mine men eg veit ikkje heilt korleis det kommer til og gå?

Svar

Hei!

Når vi skal inn i noko nytt, er det heilt naturleg å grue seg. Dei aller fleste som skal over på ungdomsskulen kjenner seg nervøse når første skuledag nærmar seg. På den måten vil du kunne oppleve ein fellesskap med dei nye klassekameratane dine når dykk møtest fyrste gongen. Og så er det veldig bra at du får byrje saman med bestevenen!

Kontaktlæraren vil heilt sikkert starte skuleåret med aktivitetar som kan minne om leik, men som har som føremål å hjelpe elevane med å bli kjende med kvarandre. Kontaktlæraren har og eit særskilt ansvar for å fylgje med på om elevane har det bra, og at dei ikkje blir mobba. Difor er det viktig at elevane seier i frå med ein gong dei opplever noko vondt, eller ser at andre ikkje har det bra.

Alle lærarane skal tilpasse undervisninga si etter kva kvar enkelt elev treng. Dei skal forklare nøye kva elevane skal lære, korleis dei skal løyse oppgåvene, og kva som skal til for at den enkelte skal kunne styrke seg fagleg. I starten kan det vere ekstra lurt å hjelpe faglærarane med å bli kjend med deg, slik at dei kan få til denne tilpassinga. Pass også på å stille spørsmål, og be om forklaring på det du trenger.

Karakterane du får i 8. klasse skal gje deg ein peikepinn på kva du er sterk i. Dei faga som er greie for deg, kan du bruke som «mal» på korleis det er lurt for deg å jobbe, og dessutan kan dei gje deg motivasjon til å jobbe litt ekstra med det som måtte vere meir utfordrande. Elles er det lurt å lære seg studieteknikkar og gode arbeidsvaner fyrst og fremst når ein går i 8. klasse.

Eg håpar du nytter høvet til å ha god kontakt med dine gamle klassekameratar denne sommaren – det er viktig med gode vener. Og sjølv om det kan bli slik at dykk ser lite til kvarandre i åra framover, vil det vere lett å finne attende til kvarandre ved dei høva dykk får til å møtast.

Til sist: når du startar på ungdomsskulen vil det ikkje gå lang tid før du kjenner deg som «heime» der, det er eg ganske sikker på! Da har du klart ein viktig overgang til noko ukjend, og dermed også skaffa deg ei ny erfaring. Denne erfaringa vil du få god bruk for når du ein dag skal på vidaregåande skule – og seinare starte i ein ny jobb.

Lykke til med alt, og ha ein god sommar!

Med vennlig hilsen rådgiver/ungdomsskolelærer, Ung.no

Besvart: 8.7.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål