Korleis kan eg forstå og støtte kjærasten min som har ADHD?
Gutt, 17
Hei! Kjærasten min (jente, 16) har ADHD (uoppmerksam type). Sjølv om ho har den typen, e ho litt hyper, har mykje "stille hyperA". Ho slit med å sitte stille, men på ein anna måte. Ho sitt å gyngar, fikla, rista på bein, osv. Ho vart ikkje diagnostisert før litt under 1 år og 4 mnd sidan. Ho slit mykje med ADHD’en, og ho har prøvd ut mykje forskjellig medisin og dosar, men e endå under utprøving. Ho slit også veldig mykje med medvanskar som kjem med ADHD. T.d. utbrentheit, angst, har slete med depresjonssymptomer, osv. Eg prøvar mitt beste å hjelpe og støtte ho, fordi eg er veldig glad i ho. Det er ikkje alltid. Eg føler eg ikkje alltid får til å gje ho den hjelpa og støtta ho treng. Eigentleg treng eg råd til korleis eg kan hjelpe og støtte ho betre, både mtp ADHD, skule, heime (hybel), og korleis eg kan hjelpe ho med ulike tilleggsvanskar. Kan dykk fortelle litt om korleis ADHD kan funke for kjærasten min, og fortelle om "alle" tilleggsvanskar som ofte kjem, og korleis eg kan hjelpe?
Svar
Hei!
Så godt for kjærasten din å ha deg, som er så omsorgsfull og omtenksam.
ADHD er ein tilstand som inneber vanskar med konsentrasjon, uro og/eller impulsivitet.
Korleis dette er for kjærasten din er vanskeleg for oss å seie noko om, fordi alle opplever ADHD/ADD forskjellig. Det er ulik grad av alvor og symptom hos alle som har denne tilstanden.
Når personar med ADHD/ADD strevar med konsentrasjon kan det gjere det vanskeleg for dei å følgje med i undervisninga på skulen og i samtalar med vennar og familie. Om dei i tillegg strevar med impulsivitet, kan dette forstyrre ytterlegare.
Til dømes kan det vise seg ved at ho ofte avbryt deg når du snakker, eller at ho ofte byter tema, at ho ikkje klarar å halde fokus på det de snakker om.
Når ho fiklar med ting, rister med beina eller liknande kan det vere teikn på uro ho kjenner inni seg. Det å fikle med ting kan hjelpe ho til å halde seg i ro og konsentrere seg.
Det å fikle med noko kan redusere stress og hjelpe til med å halde fokus. Til dømes ein stressball, noko å snurre, klemme eller vri på. Det finnast mange slike hjelpemiddel ein kan kjøpe.
Å ha ADHD/ADD kan medføre at kjærasten din må bruke meir energi på å konsentrere seg og prestere på same nivå som andre, til dømes på skulen. Det kan gjere at ho treng lenger tid på å utføre oppgåver.
Ho kan oppleve stress i forbindelse med at ho prøver å ta seg saman, eller at ho angrar på ting ho seier eller gjer.
Stress og energitap kan gjere at ho er meir utsett for å oppleve angst og depressive tilstandar, eller anna psykisk strev.
Eg trur det viktigaste du kan gjere for ho, er å berre tåle at ho strevar og vere der for kjærasten din. Vis at du støttar og ønskjer å hjelpe ho, slik at ho kan slappe av når ho er saman med deg. Ho sparer energi om ho slepp å ta seg saman og skjerpe seg. Ver tolmodig!
Ver open for at ho kan fortelje deg korleis ho har det.
Spør om du kan få vere med til behandlar. Slik kan du få informasjon om korleis hennar ADHD/ADD påverkar ho og korleis du best kan støtte ho.
Om ho har utfordringar med å organisere seg, kan du hjelpe ho med å lage system, planleggje gjeremål og til dømes hjelpe ho med å leggje inn alarmar på mobilen. Bruk kalender, lister eller mobilappar for å huske avtaler.
Om ho strevar med å komme i gang med oppgåver, kan du gje ho ein liten påminning.
Personar med ADHD treng regelmessig søvn, regelmessige måltider med nok mat og variert kosthald. Fysisk aktivitet som gåturar eller trening kan dempe uro og gjere at dei toler stress betre.
Ein kvardag med struktur og som er føreseieleg er viktig.
Planlegg ting saman og sei ifrå i god tid om det skjer endringar i planane.
Når de snakkar saman, eller du skal informere om noko, gje korte og klare beskjedar. Unngå lange formuleringar og forklaringar.
Motiver kjærasten din ved fortelje kva ho er god til.
Utover dette må ho få tid til å forstå seg sjølv og korleis ho tek best mogleg omsyn til dei behova ho har for å ivareta helsa si.
Sjølv om du kan gjere nokon av dei tinga eg har nevnt for deg, er det viktig at du huskar på at det ikkje er ansvaret ditt å sørgje for at ho får gjort alt ho skal, eller sørgje for at ho alltid har det bra.
Du kan gjere noko, men ikkje alt. Det meste må ho finne ut av sjølv, slik at ho sjølv meistrar tilstanden og tek omsyn til behova ho har. Slik kvar og ein av oss må.
Her er nokon døme på korleis du kan forstå ho:
Vanskar med merksemd eller konsentrasjon:
- Vanskar med å få med seg detaljar.
- Vanskar med å oppretthalde merksemd og konsentrasjon over tid.
- Vanskar med å få med seg kva som blir sagt.
- Vanskar med å følgje instruksar.
- Organisering, planlegging og tilrettelegging av aktivitetar kan vere vanskeleg.
- Ho unngår oppgåver som krev konsentrasjon og merksemd.
- Mistar stadig ting som er naudsynt for å gjennomføre oppgåver.
- Blir lett distrahert av ytre omstende.
- Kan vere gløymsam når ho driv med daglegdagse aktivitetar.
Vanskar med hyperaktivitet:
- Småuro i hender og føter.
- Forlet plassen sin, løper i staden for å gå.
- Klatrar omkring på utilpassa måte.
- Vanskar med å vere stille.
- Stor motorisk (knytta til bevegelse) aktivitet som ikkje lar seg styre, til dømes risting med beina.
Vanskar med impulsivitet:
- Svarar før spørsmålet er avslutta.
- Vanskar med å vente på at det blir hennar tur.
- Tendens til å avbryte, kan framstå som utolmodig.
- Snakkar mykje utan tanke på kva som passar seg i situasjonen.
Ønsker deg alt godt.
Vennlig hilsen psykiatrisk sykepleier for ung.no
Besvart: 8.2.2026
Oppdatert: 10.2.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål