Spørsmål og svar

Korleis kan eg fortelje mamma at eg har tenkt til å drikke alkohol?

Jente, 16

Hei, skal på Halloween fest snart og jeg å èin veninne har planer om å smake på alkohol for førte gang, berre èin elle to brezzer då men ja har ikkje mål om å bli sørpa, me ska ha vorsh sjå meg. Korleis fortelle eg mamma at eg skal drikka?

Svar

Hei!

Så flott at du tenkjer skikkeleg gjennom dette på førehand. Eg trur det vil vera bra både for deg og mora di at de snakkar om dette. Legg det fram slik du skriv til oss.

Dersom du klarer å vera open og ærleg med foreldra dine vil det lønne seg i det lange løp. Hugs at foreldra dine også har vore ungdom ein gong, og dei kjenner deg veldig godt.

Som mor er det naturleg at ho seier nei og at ho ikkje ynskjer at du skal drikke alkohol før du er 18 år. Men du viser mykje tillit og ærlighet når du fortel mor dette. Det er viktig å hugse at det er foreldra dine som har ansvaret for dykk når de er heime hjå deg, så mor di kan seie nei til alkohol på vorset.

Det er ikkje ulovleg å drikke alkohol dersom du er under 18 år, og du kan ikkje straffast for det. Men dersom politiet skulle få vite at du drikker, vil foreldra dine som regel verte kontakta. Det er ulovleg å kjøpe alkohol til barn under 18 år, og ein kan straffast for dette.

Dersom du likevel vil prøve alkohol er det lurt å drikke minst mogleg slik du skriv. Ved inntak av større mengde alkohol vil rusen påvirke kroppane våre. Nokon kan reagere med glede andre med sinne og aggresjon. Grensene våre blir også mer utydelege og ein kan gjere ting ein ellers ikke ville gjort.

Håpar du får ein fin halloweenfest!

Vennlig hilsen

Helsesykepleier i Ung.no

Vennlig hilsen

Helsesykepleier i Ung.no

Besvart: 29.10.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål