Er det vanlig å vere avhengig av porno?
Gutt, 17
Er det vanlig å vere avhengig av porno? Hadde ett ganske usunt forhold til det og såg på ting med en del dominanse og teikna ting der det vart brukt kvalmandes ting eg ikkje vil nemne.
Svar
Hei!
Først av alt; det er ganske vanleg å sjå porno. Tal frå Mediatilsynet (frå 2022) syner at omtrent 79% av gutter i alderen 17-18 har har sett porno.
Det å sjå porno treng ikkje vere skadeleg. Forskning syner at majoriteten av ungdom og vaksne som ser porno, ikkje utvikler problem som følge av det. Mange oppgir at dei bruker porno fordi dei er nysgjerrige, for å verte opphissa, eller som ein del av onani, uten negative konsekvenser. Samstundes kan høgt forbruk, tidleg eksponering og problematisk bruk føre til vansker for nokre.
Samstundes seier forskninga at om ein bruker porno ofte, kan det føre til tilvenning, altså at ein søker sterkare eller meir ekstreme uttrykk for å oppnå same opphissing. Det kan gjere at nokre får problemer med å verte opphissa i vanlege situasjoner, og kan oppleve redusert lyst med partner.
Har ein sett på porno tidlegare, men no har slutta, kan det ta litt tid før ein får nullstilt seg. Sjølv om ein har eksponert seg for voldsomme uttrykk tidlegare, kan ein venje seg av med det etter det har gått litt tid.
Det kan vere fint å snakke med nokon om korleis ein har det med bruken av porno. Då er helsestasjon for ungdom i kommunen ein fin stad å få hjelp. Det går og an å chatte anonymt med fagpersoner på ungdomsklinikken Sex og samfunn.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 20.10.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
