Spørsmål og svar

Kva kan eg gjere når auga er raude?

Gutt, 16

Hei Eg våknet for ikkje så mange dager siden med at augene mine har fylt seg med blod, eg var nede på helsestasjonen og de sa eg skulle berre vente så går det vekk men eg har søkt meg opp der står det at det kan kun kurrerest av behandling. Det kan minne om sprengt blodkar, og oppstod når eg våknet etter en natt der eg hadde knipt igjen augene (pga eplepsi episode, selv om legen kaller det nattskrekk og ikke eplepsi) Kva skal eg gjere? Vente slik de sa på helsestasjonen? Eller oppsøke dem igjen(dei sa eg kunne gjere det om eg begynner å sjå dårlig eller gjer vondt, tok sann syns test der nede for å sjekke og den gjekk veldig bra, så det er berre blod som er på den kvite delen av øyet (begge to))

Svar

Hei!

Du vakna ein dag med raudt på auga.

Vi på ung.no kan ikkje stille diagnoser. Og eg klarer dessverre ikkje å seie noko sikkert om kva det er du har på auga, når eg ikkje kan undesøkje deg sjølv.

Men eg tenker at det høyres sannsynleg ut at du har fått ein sprukke blodkar på auget. Dette er ikkje så uvanlig å få, og det er ufarleg.

Eg synes det høyres ut som helsestasjonen ga eit godt råd, når dei sa at om du får vondt, begynner å sjå dårleg, eller du merkar noko anna rart med synet, så bør du gå til lege.

Slike sprukke blodkar på auga går over av seg sjølv, utan arr og utan behandling.

Så eg tenker at i utgangspunktet skal du kunne stole på det helsestasjonen sa, og at det høres fornuftig ut.

Men eg kan som nemnt ikkje seie noko sikkert om dette når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.

Så om du er i tvil, eller du blir verre eller får andre symptom, bør du gå til lege. Ein kan også ringe legevakta og spør om råd - dei kan ofte seie om ein bør kome inn til time eller om det går bra utan.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 9.11.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål