Har teikna meg sjølv med tusj, og har vondt no.
Jente, 13
Eg har tegnet drit mye med tusj(Med parfyme i) på begge henda. og då meiner eg veeeldig masse. og no har eg våkna opp og i heile dag har eg hatt vondt i der blodårene er og kver gang eg er ani der dei synlege blod årene er på hånda mi får eg so ekstremt vondt. kan da hende eg har fått hudkreft eller kanskje noke annet? sorry om dette høyrast dumt ut men eg berre lurte og eg treng svar for og vere sikker. håper deke kan svare skjapt.
Svar
Hei kjære deg.
Du har teikna deg sjølv med tusj på hendene. No har du vondt der.
Ein får ikkje hudkreft av dette, så det treng du ikkje vere redd for!
Men det kan til dømes vere at huda di ikkje toler tusjane, og derfor gjer det vondt. Tusjane er jo ikkje meint å vere til hud, så dei er nok litt for "sterke" for huda, og då kan huda reagere og gjere vondt. Dette er ufarlig og vil nok gå over av seg sjølv.
Sidan eg ikkje kan undersøke deg, kan eg dessverre ikkje seie noko sikkert om kva som har skjedd her.
Men eg kan seie at det er ekstremt uvanlig at det skjer noko farlig viss ein teikar med tusj på huda (ikkje sjølv om det er mykje tusj heller). Eg trur derfor at smertene du har, vil gå raskt over.
Men viss smertene ikkje går over, eller hvis du er bekymra eller vil vite sikkert kva som skjer, kan du gå til lege. Då får du ein sjekk og eit sikkert svar. Du kan også spørre helsesjukepleiar.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 27.9.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

