Spørsmål og svar

Når bør man gå til lege med halsvondt?

Jente, 16

Kortid burde eg snakke med legen om vondt i mandlene? Dg har hatt vondt i mandlene i 2 veker no også har eg høyrt at du må fjerne mandlene vist det ikkje blir bedre, er det sant?

Svar

Hei!

Det er ikkje uvanleg å ha vondt i halsen i 2 uker, viss ein har hatt ein halsbetennelse.

Men då skal halsbetennelsen helst ha blitt litt og litt mindre/bedre. Så viss du fortsatt har like vondt i halsen som du først hadde, og det ikkje gir seg, kan du godt gå til lege.

For vi her på ung.no kan ikkje stille diagnosar. Og eg kan ikkje seie noko sikkert om helsa di når jeg ikkje har undersøkt deg sjølv. Så gå til lege om du framleis har like vondt. Då får du ein sjekk og eit konkret svar.

Men det stemmer ikkje at ein må fjerne mandlane viss ein har hatt vondt i to veker og det ikkje gir seg.

For det første er det som sagt ikkje uvanleg at ein halsbetennelse varer ei stund. Det legen ofte prøver då, er kanskje antibiotika, eller anna medisin.

Det å fjerne mandlane er ofte "siste utveg". Då skal ein helst ha hatt hatt hyppige halsbetennelse i 2-3 år, der anna medisin ikkje verkar nok.

Elles fjernar ein berre mandlane viss det skjer spesielle komplikasjonar (problem) når ein får halsbetennelse. Men det er ganske sjeldan, og sidan du "kun" har hatt vondt i 2 veker, er det ikkje så sannsynlig.

Så eg vil tru at det vil gå heilt fint med halsen din, og at du vert raskt frisk att. Det er svært lite truleg at du må fjerne mandlar når du kun har vore sjuk i 2 veker. Men nokre har som sagt vondt i halsen nokre få veker. Då bør ein gå til lege for å få meir hjelp, så det bør du også gjere (viss du ikkje kjenner at du blir gradvis betre).

God betring!

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 24.4.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål