Kan eg gjere noko med fisinga utan å gå til lege?
Gutt, 15
Hei, eg må fise hele tiden og det skjer egentlig bare når eg er på skolen eller når eg absolut ikkje børr fise. Eg pleier ofte å bare holde det inne og slippe ut små fiser for at ingen skal legge merke, dei pleier som oftest og å ha ingen lukt så eg føler nesten at kroppen min gjør det fordi den sysn det er morosamt. Resultatet blir det at eg får skikkelig vondt i magen, og eg trur ikkje det har noe med maten eg spiser. Har tenkt mye på det siden det begynte for sånn et år siden, og eg føler at det kan ha noe med at eg tenker på det, for når eg ikkje kommer på det så må eg ikkje. Men eg vil virkelig vite om det er noe eg kan gjøre som ikkje involverer og besøke fast lege(blir for flaut og si til familie , fordi eg pleier ikkje å ha problemet hjemmet)
Svar
Hei!
Du har eit problem med at du må fise når du er på skulen, men ikkje heime.
Det er ikkje heilt godt å seie kvifor det er slik. Det er nok i alle fall slik at ein tenker meir over det, om ein må fise og er blant folk eller på skulen. Viss ein må fise heime, kan ein lettare sleppe ein fis eller evt gå til eit anna rom å gjere det.
Så det kan hende at du må fise like mykje heime, men at du (utan å tenke over det) får "fist frå deg" heime, slik at det ikkje blir eit problem du så lett legger merke til. Viss ein må halde på ein fis, kan det lett gi magesmerter, og det kan kjennes verre og verre ut å halde på det.
Men det kan også hende dette har med tidspunktet å gjere. F eks at du får luft i magen (som blir til fis) nokre timar etter at du et frukost f eks (og at du tilfeldigvis er på skulen då). Kanskje kan du legge merke til kva som skjer i helgane, om det er like ille på same tidspunkt då? (Då må du sjølvsagt stå opp og ete til same tid som i kvardagane).
Du kan også tenke over om det er noko du gjer, eller noko du et kun på skuledagane? Et du annleis frukost, eller et du noko anna i matfriminuttet?
For luftplager (som kan gi smerter og fising) kan komme av mange årsaker. Det kan skuldast kosthald, matallergier, sjukdom - og kome utan sjukdom også. Eg kan dessverre ikkje seie noko sikkert om årsaken, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.
Så mitt råd hadde eigentleg vore å gå til lege. Der kan du få ein sjekk og eit meir konkret svar.
Eg tenker at dette ikkje treng å vere flaut å seie til foreldre. Det er godt kjent at det er verst å ha luftplager og problem med fising når ein er ute/på skulen, så det vil truleg ikkje vere nytt for foreldra dine. Det er svært vanlig å ha slike plager, og dette er kanskje det vanlegaste å gå til legen for. Så legen er også veldig van med å undersøkje og hjelpe dei med plager med fis og magesmerter.
Men i mellomtida, kan du prøve å legge merke til kva du et og kva du gjer (særlig om det er skilnad på helg og kvardag) og sjå om du finn eit mønster. Det er det ikkje alltid det er (det avheng av årsaken), og derfor er det ofte lurt at legen får sjekka dette ut. Bortsett frå dette, veit eg ikkje om så mykje anna du kan gjere. Nokre blir bedre i magen av å ete sunnare, så det kan du jo prøve om det er noko å hente der. Kunstig søtemidddel og mykje løk/kål/bønner og linser, kan gi luft hos enkelte.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 17.8.2024
Oppdatert: 17.8.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål