Slit med konsentrasjon. Korleis kan eg ta det opp med legen?
Gutt, 19
Eg er lærling og skal ta fagprøven om ikkje så lenge. Eg har alltid strevet med konsentrasjonen og trengte meir tid til å forstå noke dei andre får til med eingong. Eg har vurdert å snakke med fastlegen min om problemer med konsentrasjonen min for ein stund, men eg er usikker på korleis eg skal få det fram uten å drite meg ut eller noe slik. Eg har hørt at meditasjon som Ritalin hjelper men da er bare på respet. Eg har aldri blitt testa for noko adhd eller noe slikt så eg vil ikkje at det skal sjå ut som at eg sjølv diagnosene meg eller noe sånnt.
Svar
Hei kjære deg.
Du slit med konsentrasjonen på skulen, og vurderer å snakke med legen din.
Det er jo ulikt kor god konsentrasjonen vår er - og den kan også variere i ulike situasjonar. Ein kan ha god konsentrasjon i èin setting, for så å ha dårleg i ein annan. Vi lærer alle ulikt. Så dette kan også ha med læreform, med livssituasjon, med motivasjon og andre ting å gjere.
Men om du meiner du slit mykje, er det lurt å snakke med legen din om det! Det er ganske mange unge som slit med det same, så legen din har nok hatt andre ungdommar inne på kontoret for det same.
Eigentleg treng ein ikkje legge fram saka si på ein særskilt måte. Ein treng ikke bruke særlege ord osv. Det er legens ansvar å hjelpe deg, og ein treng heldigvis ikkje formulere seg godt eller vere veltalande for å få hjelp!
Så eigentleg kan du berre seie det som det er. Du kan sei det som du skriv her, og kanskje meir utfyllande.
Du vil uansett ikkje "drite deg" ut! Det er jo ingens feil om ein ikkje har konsentrasjon. Det kan vere mange ulike årsakar til det, og eg syns det er modent gjort å ta det opp med legen.
Så er det legen (i samråd med deg) som avgjer kva ein skal gjere vidare. Du kan godt nemne at du sjølv lurer på om det er adhd. Legen vil ikkje tru du har gitt deg sjølv ei diagnose pga dette. Det er mange som mistenker adhd, kanskje fordi det er mykje i media for tida. Og det er berre bra å nemne det ein tenker på, til legen. Då kan legen avkrefte, bekrefte eller uansett informere meir om det.
Hvis ein får diagnosa adhd, er Ritalin ein av fleire moglege alternativ. Men ein skal alltid prøve andre tiltak også/samstundes.
Legen vil uansett vurdere ulike årsaker på dine konsentrasjonsvansker, utfrå korleis legen vurderer deg etter ei undersøking. For nokre med konsentrasjonsvanskar vil det bli aktuelt å utrede for adhd - hos somme er det andre årsakar som er meir trulege og då vil ein bli utreda for dèt.
Ein bør også få ein fysisk sjekk og til dømes ta enkle blodprøver for å utelukke jernmangel eller andre fysiske årsaker.
Vi her på ung.no kan ikkje gi diagnoser når vi ikkje kan undersøkje nokon sjølve.
Så mitt råd er at du får time hos fastlegen og berre seier det akkurat som det er. Du kan til dømes seie det som står i første avsnittet i spørsmålet ditt. Så vil legen spør om meir info om hen treng det. Du kan også skrive huskelapp, du kan gi ein lapp til legen, og det er mogleg å ha med nokon inn på time om ein ønskjer det.
Lukke til!
Alt godt! Vennleg helsing lege, ung.no
Besvart: 10.9.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


