Spørsmål og svar

Korleis kan eg unngå å besvime når eg ikkje et noko?

Jente, 13

Hei, Ung.no. Eg skal snart på leirskole i 3-4 dager, fra mandag morgon til me kjem heim midt på torsdag. Eg tør ikkje å ete foran folk, og har lest litt om kva som skjer om en ikke spiser på noen dager. Eg har planer om å ikkje ete, men eg skal drikke for og holde meg hedret og ta litt salt(4-5 gram) hver dag, for at eg ikke skal få for lavt blodtrykk eller blodsukker og besvime. Eg vil ikke forstyrre noen eller lage oppstyr av at eg besvimer og ikke eter osv. Eg har også planer om å ete lav karbo mat noen dager før me reiser slik at kroppen min ikke går brått over på mangelen av ting(usikker på hva, men liksom energi ol.). Men hvordan kan eg klare og holde ut om eg blir sulten? Og hva kan eg gjøre for å unngå å bli så sulten? Kan eg gjøre noe for å hindre det?

Svar

Hei kjære deg.

Du tør ikkje å ete foran nokon, men skal snart på leirskule.

Først: Det hjelp truleg ikkje noko særlig å ete lavkarbo eller andre spesielle ting før du reiser. Ein kan ikkje "herde" kroppen på den måten. Så du bør ete vanleg før du drar.

Så vil eg også anbefale at du prøver å ete under leirskulen også. Eg trur det er lettare å prøve å "snike i seg" noko mat, enn at du prøver å overleve utan mat.

For kroppen treng energi. Det er er energi i både feitt, karbohydrat og protein, og kroppen vår treng ei blanding av alle desse, for å fungere. Viss kroppen ikkje får i seg nok energi, blir ein først trøytt og ukonsentrert og kanskje irritabel. Så blir ein svimmel, får vondt i hovudet og slapp, og til slutt kan ein besvime av mangel på energi.

Ein måler energi (frå mat) ofte i kalorier. Det fins mat med mykje eller lite kaloriar i seg ,og det same gjeld for drikke. Eit menneske må ha eit visst antal kalorier per dag for å overleve.

Ein kan halde ut i nokre dagar utan mat om ein drikk noko med energi i. Då kan ein altså drikke saft, jus, brus (ikkje lettbrus), melk, smoothier osv. Vatn og kaffi og lettprodukt er ikkje kalorier eller energi i. Så ei aller siste naud-løysing om ein ikkje får tak i mat, er å drikke noko med energi/kalorier.

Men ein vil bli veldig svolten raskt om ein ikkje et (sjølv om ein drikk). For drikke gjer ein ikkje mett, slik mat gjer.

Så eg lurer på: Kan du snakke med nokon om dette? Eigentleg bør lærarane dine vite om dette, slik at dei kan hjelpe deg på leirskulen. Då kan dei tilrettelegge for deg slik at du likevel får i deg mat. Det beste er kanskje om du anten ber foreldrene dine ringe lærarane, eller du gjer det sjølv. Det er mange elevar som slit med mange ulike ting, og som treng tilrettelegging og å gjere ting litt "annleis" på leirskule. Du har rett til å få denne hjelpa også!

Eg lurer også på: Kan du ete når ingen ser på? Kan du f eks ta med deg mat frå kantina eller matsalen, og så ete på rommet eller ein annan stad? Om lærarane veit kva du slit med, får du sikkert lov til dette. Ei naud-løysing er at du berre tek med mat sjølv ( i ein serviett, eller ta med plastpose i lomma) og et maten seinare, når du er åleine.

Du kan også ha med mat i bagasjen og ete på rommet når du er åleine, eller snike deg ut. Ein kan smugle mykje mat i lommer, og ete på do eller ute til dømes. Mat som held seg godt i bagasje, er brød, polarbrød og sylte på flaske f eks, kjeks, frukt som banan og eple, eller påsmurte skiver eller rundstykker heimanfrå. Nøtter er også næringsrike og lette å ta med. Til og med godteri og sjokolade er betre å ete, enn å ikkje ete noko som helst.

Så oppsummert: Sei frå til lærarane at du slit med å ete foran andre, og få hjelp. Du har rett på ei slik tilrettelegging. Så be foreldrene dine kontakte lærarane for dette (eller gjer det sjølv). Då kan du kanskje ta med maten ut, få ete seinare eller før dei andre osv.

Som ein naudløysing kan du ta med mat i bagasjen, og ete når ingen ser. Du bør også drikke godt av ting med energi, som jus og saft (vatn har ingen energi). Du bør ikkje ete salt, men heller prøve å drikke og ete.

Du kan også snakke med helsesjukepleier eller lege om dette, og dei kan hjelpe deg vidare!

Håper det ordner seg for deg!

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 7.5.2023

Oppdatert: 7.5.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål