Spørsmål og svar

Kvifor sliter eg slik med magen? Blir dårleg av å ete.

Annet, 18

Eg har autisme og adhd og eg skjønner ikkje kvifor eg blir så dårlig kver dag. Hvis eg går på do på morningen, legger meg igjen, får eg vondt i magen og må fise og føler meg ukomfortabel til å ligge i sengen. Eg sliter sã mye med stress med magen, og at hvis eg ikkje eter på morningen, får eg høg puls og føler eg skal besvime. Eg aner ikkje hva eg skal gjøre får å få det bedre. Er der noe eg burde gjøre annerledes?

Svar

Hei kjære deg.

Det var leit å høyre at du har så mykje problem med magen.

Det er ikke uvanleg å bli dårleg dersom ein ikkje et frukost. Då kan ein kjenne seg uvel, bli kaldsvett, skjelven, slapp og føle ein skal besvime. Det kjem ofte av at blodsukkeret er for lavt. Om vi går lenge utan mat, gir kroppen signal om det. Kroppen treng frukost.

Så ei løysing er at du passer på å få i deg mat (til dømes skive, graut, juice, melk osv) før du blir så dårleg. Prøv å planlegge for frokost tidleg nok til at du unngå å bli dårleg.

No veit eg ikkje når du et dei ulike måltida. Men dersom du ikke et kvelds, eller du et kvelds veldig tidleg, kan det bli for mange timar utan mat. Så det kan vere lurt å ete kvelds også. Det beste er gode og faste rutiner for måltid.

Så fortel du at du blir dårleg etter å ha vore på do på morgonen. Det kan vere mange årsaker til dette. Eg kan dessverre ikke seie noko sikkert om årsaka hos deg, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.

Men det høyres ikkje bra ut å ha det så ubehageleg. Mitt råd er at du går til fastlegen din. Der kan du få ein sjekk, og deretter kan legen seie meir om årsaka. Når ein har funne forklaringa, kan du få råd og hjelp vidare.

Det er vanskeleg å seie kva du eventuelt bør gjere annleis her, for først må vi vite kva som er årsaken til problema.

Oppsummert: Prøv å ete frukost før du blir dårleg. Gå til legen med mageproblema. Legen vil hjelpe deg vidare.

God betring!

Alt godt! Venleg helsing lege, ung.no

Besvart: 5.12.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål