Korleis kan eg gå ned i vekt?
Hei. Eg gråter mye akkurat no fordi eg har lagt på meg 5 kg på få uker (2-3). Eg veger no 74kg og er 172,5 cm. Akkurat i kategorien overvekt.😭 Eg orker ikkje noko no, eg vil ikkje ete noko no og eg skal trene kvar dag no og kunn ete youghurt og havregrøt 😭 Mamma og pappa sier at det er pga all pizzaen og monsteren eg et flere gonger i uka.. det er sant at eg lager meg ofte Grandiosa og drikker monster kvar dag😭 Eg liker ikkje grønnsaker og eg er så kresen. Eg må ned til i allefall 69 som eg var før for par uker siden😭😭 Kan du lage et måltid program til meg som eg kan følge og ete. Eg må ned i vekt før eg blir for feit. Eg ser jo ikkje akkurat feit ut men når eg har på meg badedrakt ser man fett på lår og armer og mage.. Eg vil ha slank og tynn kropp.. Har i det siste vore så andpusten og har hatt smerter under brystkassa og i magen sånn stikkande smerte.. Please hjelp!! EG HATER MEG SELV NO. Kordan ikkje ete godteri i ukedagene?? SVAR VELDIG FORT!
Hei kjære deg.
Vi er to stykk som svarer deg, ein lege og ein ernæringsfysiolog.
Som lege vil eg svare på det med dei smertene du har hatt: Det kan vere fleire årsaker til slike smerter. Til dømes kan ein få stikkande smerter i brystkassa av anspendte og stive musklar. Dette er ufarleg. Ellers er det som regel ikkje farlege årsaker til slike smerter som du skildar.
Men, eg kan ikkje seie noko sikkert om kvar smertene dine kjem frå, uten å ha undersøkt deg sjølv. Så du bør gå til legen med dette. Der kan du få ein sjekk og eit konkret svar på årsaken.
Når det gjeld vekta, er det vanleg at vekta går litt opp og ned. Dette har ikkje berre med kosthald og trening å gjere, med også med kvar ein er i syklusen, med avføring og kva ein drikk å gjere osv. Så 2-3 kilo opp eller ned treng ikkje bety at ein faktisk har endra vekt. Det kan vere pga vatn i kroppen osv.
Korleis kan eg gå ned i vekt?
Viss ein som ungdom har behov for å gå ned i vekt skal dette alltid bli følgde opp av helsepersonell. Årsaka til dette er alle dei store forandringane som skjer i ungdomstida, kor kroppen din er helt avhengig av å få tilført nok næring. Gjør den ikkje det kan det i verste fall føre til utvikling av sjukdom.
I denne artikkelen kan du lese meir om kva som skjer viss du ikkje et nok.
Eg vil difor råde deg til å ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen din, helsestasjon for ungdom eller fastlækjaren din. Dei kan alle hjelpe deg videre med gode råd tilpassa deg, og vurdere vekta di. Det er viktig å hugse på at KMI/BMI ikkje alltid seier noko om den generelle helsa di, og at ein fortsatt kan ha ei normal vekt og se overvektig ut i følgje KMI-skalaen. Dette kan helsesjukepleiar og fastlækjaren din fortelje deg meir om.
For å få til ei sunn og varig nedgang i vekt er det viktig at du finn eit kosthald og ein livsstil som du trivast med og kan oppretthalde over tid. Gjør du ikkje det vil du berre oppleva at vekta aukar igjen så fort du et normalt igjen. Diettar og ulike slankekurer vil for dei fleste ikkje vere noko varig løysing.
For å gå ned i vekt må du forbrenne fleire kalorier enn du et. For dei fleste inneber dette eit kosthald med fokus på sunne og næringsrike matvara, i tillegg til økt fysisk aktivitet i kvardagen.
Dette er våre generelle råd for eit sunt kosthald:
- Et 4-6 måltid kvar dag, inkludert mellommåltid. Vi anbefaler å ete kvar 3.-4. time for å oppretthalde ein god sult- og metthetsregulering, konsentrasjon og energi til å fungere i kvardagen.
- Bruk mest mogleg grove og fiberrike kornprodukt, både når du et brød, knekkebrød og frokostblanding.
- Et to frukt og tre porsjonar grønsaker kvar dag, ha gjerne frukt og grønsaker som mellommåltid.
- Nøtter inneheld sunne feittsyrer, og ein liten neve egnar seg godt som eit mellommåltid.
- Vel magre meieriprodukt: Ekstra lettmelk, kesam, cottage cheese, smøreost og lettost.
- Vel magre kjøttprodukt: Karbonadedeig, kylling og svin er magert. Bruk mest mogleg reine kjøttprodukt.
- Avgrens mengde smør, og bruk heller margarin og oljar, men pass på mengda!
- Ha fisk til middag to dagar i veka, og bruk også fisk som pålegg. Pass på at du får i deg både den feite og den magre fisken.
- Ha minst 1/3 av middagstallerkenen med grønsaker.
- Drikk vatn som tyrstedrikk.
- Unngå godteri, brus og kaker på kvardagar, og avgrens inntaket i helgane til en avgrensa mengde som du kan ete med god samvit.
- Bruk noko belgfrukter i matlaginga, slik som bønner, erter og linser.
Vi har skrive ein eigen artikkel om søtsug, som du kan lese her. I prinsippet handlar dette om å ete regelmessige måltid, samtidig som du bør ha andre og sunnare alternativ tilgjengeleg når søtsuget melder seg.
Sjølv om kosthaldet og økt kverdagsaktivitet er viktigst for å gå ned i vekt, er trening også en bidragsyter, og spesielt intervall- og styrketrening kan gjere det lettare å miste nokon kilo.
Eg legg også ved nokon artiklar med fleire gode råd for ein sunn vektnedgang og ein sunn livsstil.
Eg håpar dette var til hjelp, og ynskjer deg alt godt!
Vennlig hilsen
Lege og klinisk ernæringsfysiolog, ung.no
Besvart: 24.9.2026
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


